Nejaføringane i full gong med førebuingane!

Laurdag 21. februar, er det klart for Årsfest for Stordalshallen. Det er Nejaføringane som er arrangør (og det for tredje gong). Den komande Årsfesten vert den 18. i rekkja! Som alle arrangørar tidlegare er dei rett så løyndomsfulle i høve til kva vi kan vente oss, men vi har i alle fall fått lov til å avsløre at dei er godt i gong med førebuingane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.12.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Nejaføringane, med hovudkomiteen i spissen, samla til idemyldring i Nilsgardstunet 1. november fotograf Hallgeir Hove

Årsfest for Stordalshallen er blitt ein flott tradisjon som naturlegvis skriv seg attende til då Stordalshallen kom på plass for snart 18 år sidan. Kvart år, sidan den gong, har sju grendalag veklsa på å stå som arrangør og det er all grunn til å hevde at dette har hatt umåteleg mykje å seie for lokalsamfunnet vårt. I tillegg til at dette gjev kjærkomne inntekter som bidreg til at Stordalshallen kan vidareutvikle totaltilboda sine, er det heller ikkje til å legge skjul på at dette er årets "happening" og eit arrangement alle berre MÅ ha med seg. Når Årsfestane dei siste åra også er blitt lagt til vinterferieveka, har også særs mange utflytta stordalingar vore på plass.

Sist, men ikkje minst, skal ein heller ikkje undervurdere verdien desse arrangementa har for samhaldet både i grenda og forsåvidt i heile kommunen vår. Alle veit at det er krevjande å skulle stå bak eit slik stort arrangement, men så er det også slik at det gir mange veldig mykje å få ta del i det heile. At Årsfestane vert lagt merke til, og det langt ut over kommunegrensene, er det heller ingen tvil om!

Sjølv om vi altså ikkje veit så mykje om det som skal skje den 21. februar, er det all grunn til å tru at dette vert ein fest etter same malen som tidlegare, der det i tillegg til revy frå scena vert både mat og dans. Ser ein på dei tidlegare festane, både til denne grenda og elles, er det absolutt grunn til å merke av datoen på kalendaren, om dette ikkje er gjort alt.

Nejaføringane har også oppretta eigne sider på facebook. Den eine av desse er for ålmenta og berre i løpet av det første døgnet, er 200 personar på plass! Det har aldri vore nokon tvil om interessa for Årsfest for Stordalshallen. På facebooksida vil ein kunne få med seg oppdateringar og førehandsstoff av ulikt slag.

Eit tilbakeblikk på Årsfestane den seinare tid, gir også god grunn til å gle seg. I denne førehandsreportasjen frå 2012, finn du lenker til reportasjar frå Årsfestane heilt attende til 2006.

Her er reportasjen frå Årsfest 2012Årsfest 2013 og her Årsfest 2014.

Ingen grunn til ikkje å sette ring rundt laurdag den 21. februar på kalenderen din!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove