Fotograf: Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Bjørg Moltu og kordamene opplevde kjemperespons frå ein fullsett idrettshall! fotograf Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Fotograf: Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Nejaføringane avslutta på same viset som i 2008, med ein hyllest til Stordalshallen fotograf Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Fotograf: Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Før sjølve Årsfesten starta, var det utdeling av kulturstipend (bildet) og offisiell opning av tilbygget fotograf Britt Ingunn Maurstad - Storfjordnytt
Fotograf: Hallgeir Hove
Idrettshallen i ferd med å fyllest opp med folk og det i god tid før det heile starta frå scena! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Olav og Marita har kontroll på billetteringa, medan Bulent syter for at gjestane får teke seg ut pengar fotograf Hallgeir Hove

Nejaføringane med flott Årsfest!

Laurdag 21. februar gjekk den 18. Årsfesten for Stordalshallen av stabelen og grenda nærast nede ved sjøen, kan sjå attende på eit vel gjennomført arrangement. Oppslutninga var som vanleg særs god og etter det vi kjenner til var det godt over 400 på plass på programmet og ytterlegare fleire fekk med seg den påfyljande dansen etterpå. Både i media og blant publikum har tilbakemeldingane vore særs flotte. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.03.2015

Dette var altså den 18. Årsfesten i rekkja og også Nejaføringane sin tredje. Det er sjølvsagt alltid litt spanande og kanskje også litt fryktinngytande å få tildelt oppdraget med å stå som arrangør av eit så stor begivenheit. Det er lett å tenkje at grenda er for lita og at ein rett og slett er for få til å få det til. Men årets arrangement er eit nytt gledeleg bevis på at det der ute blant innbyggjarane våre fins mange nok som framleis skjønar kva det vil seie å stille opp for fellesskapet. Dermed var det altså duka for at resten av kommunen sine innbyggjarar - samt mange også utanfrå - kunne ta del i nok ein flott Årsfest.

Britt Ingunn Maurstad hjå Storfjordnytt var på plass og dekka Årsfesten, noko ho gjorde på framifrå vis. Vi har difor gleda av å kunne presentere både reportasjen ho laga og fleire kjekke bilder frå Årsfesten 2015 her.

I tillegg til det som kom fram i den flotte reportasjen i Storfjordnytt, vil vi også få trekkje fram at Ørskog Videoklubb var på plass også denne gongen, slik at det var mulig for dei lengst bak i hallen også å sjå på storkskjerm det som gjekk føre seg på scena. I tillegg er dei i gong med å lage eigen DVD av festen.

Det høyrer også med å nemne at Jan Roger Hauge og Jonny Titlestad sytte for framifrå forhold på det som hadde med lyd og lys å gjere og sjølvsagt at Voldingane bidrog til å få opp stemninga og at mange ville nytte dansegolvet.

I forkant av Årsfesten var det offisiell opning av tilbygget ved Stordalshallen (sjå eigen reportasje), samt høgtidleg utdeling av kulturstipend til Petter Løset Skodjereite og til songgruppa Charis.

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir.

Sjå også eige galleri med endå fleire bilder på Stordalshallen si facebookside.

Då står det berre att å takke Nejaføringane for suveren innsats og gratulere med vel gjennomført Årsfest!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove