Fotograf: Thea Marie E Hove
Nejaføringane gjekk heilt til topps under Grendacup 2013 fotograf Thea Marie E Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dei fleste av dei som deltok i turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ein blid gjeng frå grendalaget Dalane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nejaføringane hadde fått med seg forsterkningar frå Oslo fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Liten tvil om at det er stas å vere med på Grendacup! fotograf Hallgeir Hove

Nejaføringane til topps i Grendacup 2013!

Tradisjonen tru, vart det arrangert Grendacup i Stordalshallen i romjula. Det var grenda Hovslia, som hadde teke på seg arrangementet denne gongen og det heile starta med turnering for dei yngste, etterfulgt av den tradisjonelle turneringa for dei vaksne. I ein særs jamnspelt finale, vart det til slutt Nejaføringane som drog det lengste strået, då dei sette inn seiersmålet på "sudden-death" og henviste førehandsfavorittane Vinje til andreplassen i turneringa.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.01.2014

Til liks med dei siste åra, starta arrangementet med turneringa for dei i aldersgruppa 5. t.o.m 8. klasse. Her vart det synt stor speleglede og det var ekstra stas å sjå at det var mange tilreisande med. I tillegg til at det nok er stor stas å feire jul på desse kantar, er det nok også slik at Grendacupen er eit aldri så lite høgdepunkt for mange av desse.

Etter at dei yngste hadde gjennomført kampprogrammet sitt, var det så klart for dei vaksne til å entre parketten. Fleire av kampane hadde skikkeleg nerve, der seiermål vart sett inn sekundet før sluttsignalet gjekk og der innsatsen var stor blant spelarane. Det skulle likevel vise seg at det først og fremst var to lag det heile skulle stå om, nemleg Vinje og Nejaføringane. Desse to laga møttest også i gruppespelet og også då endå kampen uavgjort.

Men i finalen var det altså Nejaføringane som makta å avgjere det heile, etter flott scoring av Andreas Øie. Andreas vart elles også mestscorande i turneringa.

Laget frå Liabygda,som er mestvinnande i Grendacupen si lange histore, beit godt frå seg også denne gongen, men klarte likevel ikkje å spele seg fram til finalen etter at det vart tap mot Vinje i semifinalen. 

Greit gjennomført arrangement av grenda Hovslia, som også hadde fått på plass ein gjeng som tok seg av sal av pølser og anna godt.

For fleire bilder frå Grendacup 2013, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir om Grendacupen.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove