Grendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse
Hallgeir Hove
Grendacup 2017 - 5. t.o.m 8. klasse i aksjon
Hallgeir Hove
Grendacup 2017 - Kjetil H Tøsse
Hallgeir Hove
Grendacup 2017 - bra med publikum
Hallgeir Hove
Nejaføringane møtte eit sterkt lag frå Øvrebust, med m.a. Kjetil H Tøsse (Notodden) på laget, i semifinalen, medan Vinje møtte Liabygda. I finalen stod det 1-1 etter ordinær tid (18 minutt) etter scoringar av Geir Marius Øie (Nejaføringane) og Kenneth Søvik (Vinje). Askerguten, Espen Skyseth Olsen, vart matchvinner då han sette ein cornerinnlegg kontant i mål, eit stykke ut ekstraomgongen. Dermed seier til Nejaføringane, slik det også vart i 2016.
Før turneringa for dei vaksne, hadde også dei yngre spelarane vore i sving. Det var fire lag med i aldersgruppa 5. t.o.m 8. klasse og også då var det godt med publikum på tribuna.
Robin Aasen, Stein Are Sæter, Geir Marius Øie og Ole Hove skal ha ros for innsatsen sin i høve arrangementet og bidrog på dette viset til at også den 22. utgåva av Grendacupen kom vel i hamn.
Sjå eigen førehandsreportasje for mykje meir om Grendacupen
På Stordalshallen si facebookside finn du fleire bilder frå Grendacup 2017