Grendacup 2016 - 5. t.o.m 8. klasse
Hallgeir Hove
Grendacup 2016 - Halvor Hove Lund, fyrer av
Hallgeir Hove
Grendacup 2016 - sekretariat
Hallgeir Hove
Grendacup 2016 - Man U - Sunderland i grendasalen
Hallgeir Hove
Med sigeren denne gongen, er Nejaføringane no oppe i 5 sigrar totalt og dermed kan ein kanskje forsiktig hevde at ein nærmar seg suverene Liabygda, som har vunne heile 10 gongar!
Her er oversikta over vinnarane frå første turneringa i 1996 og t.o.m 2016:
1996: Nejaføringane
1997: Nejaføringane
1998: Nejaføringane
1999: Vinjehjellane
2000: Liabygda
2001: Vinjehjellane
2002: Liabygda
2003: Liabygda
2004: Liabygda
2005: Liabygda
2006: Liabygda
2007: Liabygda
2008: Liabygda
2009: Liabygda
2010: Øvrebust
2011: Vinjehjellane
2012: Liabygda
2013: Nefaføringane
2014: Vinje
2015: Øvrebust
2016: Nejaføringane
Vi har også nemnt Dalingane, som dugande arrangørar. Dei var kanskje ikkje så mange, men så gjorde dei også ein kjempeinnsats dei som stilte og dermed bidrog dei til at dette "gjekk på skinner" frå første avspark. I tillegg til jobben i sekretariatet, hadde dei også kiosk og kafe. I grendasalen kunne den som ynskte det, få med seg Manchester United - Sunderland på storskjerm. Men det var nok minst like interessant å få med seg det som skjedde inne i idrettshallen.
I samband med årets utgåve av Grendacupen, vart også eit eige jubileumslotteri for Stordalshallen lansert. Ein runde ute blant publikum med loddboka, synte at det var stor interesse for å kjøpe lodd. Dette er sjølvsagt veldig kjekt med tanke på at inntekta av lotteriet går til innkjøp av utstyr til Stordalshallen. Berre på denne føste dagen, kome det inn rundt kr 4.000,-. Det vil seie at vi alt har solgt ein tiandedel det og dermed er det viktig å vere om seg, neste gonge ein får sjansen til å kjøpe lodd, for her er det verkeleg flotte premiar!
For meir om Grendacupen, anbefaler vi våre tidlegare reportasjar, der det også fins lenker til bildegalleri.
Stor takk til alle dei som var med på å gjere Grendacup 2016 til eit så vellukka arrangement!