Neste verksemd klar for vinnarlaget er Sport Norge Ålesund!

Sport Norge Ålesund - Klikk for stort bildeSport Norge Ålesund

I vår presentasjon av nye samarbeidspartnarar er turen no komen til Sport Norge. Dei fleste av dykk har nok ikkje unngått å legge merke til den flotte butikken som nyleg er opna ved Amfi Moa og som namnet tilseier finn du ei rad liknande butikkar over heile landet. Hovudkontoret til Sport Norge ligg på Os, rett utanfor Bergen, der dei også har heile 5 000 kvm lagerplass.

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.10.2019

Sport Norge Ålesund - Klikk for stort bildeSport Norge Ålesund Sport Norge Ålesund - Klikk for stort bildeSport Norge Ålesund Sport Norge Ålesund - Klikk for stort bildeSport Norge Ålesund Sport Norge Ålesund - logo  - Klikk for stort bildeSport Norge Ålesund - logo

Eit besøk på den flotte nettsida til Sport Norge gjer det ikkje mindre naturleg å legge turen til butikken ved Moa Amfi, for å seie det sånn. Her er noko av det vi kan lese der:

«Sport Norge har en profil og et navn som skal inspirere kundene til å ta i bruk hele Norge, enten om det er en søndagstur i fjæra med barna eller en to-ukers tur på Hardangervidda med vennegjengen.»

«I et land der det ikke er noe som heter dårlig vær skal Sport Norge sørge for at hele familien er sikret gode klær og utstyr uansett forhold.»

«Med nytt navn og ny profil skiller Sport Norge seg fra de andre sportsbutikkene, men fokuset på fagkunnskap, kvalitet og lokal tilhørighet tar de med seg fra MX Sport.»

 

Sport Norge har også laga verb av namnet på nasjonen vår!
Luftetur med hunden, ørretfiske i elva ved hytta, ein rask tur på den lokale fjelltoppen eller
spontan fotballkamp på familiens hagefest, det kallar dei; #norging.
På sportnorge.no finn du ei eigen instagramkonkurranse på #norging, der du kan vinne eit gåvekort på kr. 1000,- kvar veke.

På nettsida kan ein også lese mykje meir om kva denne verksemda tek mål av seg til å tilby deg som kunde og kvifor det vil vere heilt naturleg å stikke innom butikksjef Viri Ortega og medarbeidarane hans på Moa.

En god ide kan være å fylje Sport Norge Ålesund på facebook. Då vil du vere blant dei første til å få med deg det siste nye både når det gjeld dei mange gode tilboda dei har, når nye produkt er på plass i butikken osv.

Vi synes naturlegvis det er stor stas å kunne få presentere stadig nye, flotte samarbeidspartnarar og vil med dette også få ynskje Sport Norge Ålesund velkomen med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove