Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt okt 2013 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt okt 2013 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt okt 2013 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt okt 2013 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nye reklameskilt okt 2013 fotograf Hallgeir Hove

Ni nye reklameskilt på plass!

I løpet av torsdag 30. oktober vart det utført mykje godt arbeid oppe i høgda i idrettshallen. I tillegg til sertifisering av skilleveggane og utskifting av defekte tennarar og lysrør, kom også heile ni nye reklameskilt på plass!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.10.2013

Dagen før hadde Geir Innselset fått henta liften frå Ramirent i Ålesund, slik at alt var klart for å sette i gong frå morgonen av. Første mann i liften, var representanten frå KIS i Ålesund, som kontrollerte begge dei to skilleveggane i idrettshallen. Etter ein grundig sjekk, kunne han slå fast at alt var som det skulle med dei begge. (I tillegg justerte han litt på høgda på den eine, slik ein unngår at det tek heilt ned i golvet og dermed kan slite på banda) Tidlegare i år har KIS også utført sertifiseringa av både sveivetårna og trosseriggen vår.

Etter at sertifiseringa av skilleveggane var over, sette Robert Møller (teknisk etat) i gong med å skifte ut alle lysrør og tennarar som var defekte. Eit omfattande arbeid, då ein i tillegg til å skifte lysrøra også er avhengig av å legge ut både matter og kryssfinerflakar som liften kan køyre på utan å skade parkettgolvet.

Samstundes med dette, pågjekk også arbeidet med reklameskilta. I all hovudsak var det underteikna som eigenhendig både fekk teke ned dei skilta som skulle skiftast ut og i neste omgong fekk hengt opp dei 9 nye. Til dette arbeidet vart det nytta stillas, men like fullt er det er ikkje til å legge skjul på at det var godt å vere ferdig med den krevjande jobben når klokka hadde passert 16.00. (fleire av dei nye skilta hadde lengde på heile 3 meter og då er det ikkje alltid like lett å få utført jobben 5-6 meter over bakken, iallefall ikkje med eit snev av høgdeskrekk i tillegg. Men skal skilta kome på plass, må også slike utfordringar overvinnast)     

Vi har tidlegare presentert våre nyaste samarbeidspartnarar, men no er også dei flotte reklameskilta altså komne på veggen! Med desse skilta på plass, kan vi stadig vekk gle oss over at all reklameplass i idrettshallen er fyllt opp.

Dei nye samarbeidspartnarane våre er:

EL 24 AS

Ingeniør Rune Stavseng 

Låsservice Ålesund AS

Saltdalshytta

HT Bygg Hellesylt AS 

Hovden Bygg AS

System-Electro AS

Tunnelteknikk AS

Caverion Norge AS 

På bilda vil du finne at reklameskilta til dei alle! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove