Nidaros Data, neste verksemd med på laget!

Logo - Nidaros Data.jpg - Klikk for stort bildeLogo - Nidaros Data.jpg

Vi har tidlegare peika på at interessa for å vere med på vinnarlaget vårt er stadig like stor. I løpet av dei første vekene av 2018 har tre nye samarbeidspartnarar kome på plass og dermed er det framleis over 100 verksemder med totalt. Når det no vart litt ledig plass på veggen vår, var det trondheimsfirmaet Nidaros Data, som kom med.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.02.2018

Nidaros Data - butikken i Trondheim - Klikk for stort bildeNidaros Data - butikken i Trondheim Nidaros Data - Vegard Waldal - Klikk for stort bildeNidaros Data - Vegard Waldal Nidaros Data

Nidaros Data (tidlegare Digital Impuls Trondheim AS) er eit heileigd norsk firma, oppretta i 2012.

Nidaros Data har ansatte med lang fartstid og tung kompetanse innan det meste i IT-verda. Dei har eigne lokaler med butikk, nettbutikk, dataverkstad og bedriftsavdeling i Trondheim sentrum (Fjordgata 46).

I butikken deira møter du kvalifiserte ansatte som virkelig bryr seg om deg. Nidaros Data er ikkje som alle andre... I tillegg til å ha konkurransedyktige prisar mot dei største nettbutikkane, så yter dei også ekstremt god service i alle avdelingane.

Nidaros Data er spesialistar på å finne akkurat kva du treng og er du ikke fornøgd, så får du pengane tilbake! 

Om du ikkje bor i Trondheim, er sjølvsagt heller ikkje det noko problem. Nidaros Data kan sende varer direkte heim til deg på få dagar, anten fra sitt lokale lager eller ein av deira dyktige leverandørar.

For mykje meir info, ikkje minst dei flotte tilboda og dei positive tilbakemeldingane frå sine mange supre kundar, viser vi til Nidaros Data si heimeside  

Nidaros Data er sjølvsagt også på facebook!

Ein av dei som driv Nidaros Data, er Vegard Waldal. For mange her på Sunnmøre, er denne tidlegare valldalingen godt kjent, som den gründeren han er. Les eige intervju med han, i magasinet Computerworld

Vi ynskjer med dette også Nidaros Data AS velkomen med på vinnarlaget vårt!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove