Fotograf: Hallgeir Hove
Karl Øvrebust og Jon Ragnar Hjelmseth i svin rett før påske fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Per Anker Vad har også mange timar og her er han i aksjon rett før påske fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I lange periodar har oppslutninga vore særs god og gjerne med både seks og fleire i sving fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dugnadsarbeidet starta opp hausten 2013. Her frå stordugnad i høve grunnarbeidet fotograf Hallgeir Hove

No er det berre siste innspurten att!

Det er blitt utført eit eineståande dugnadsarbeid i samband med realiseringa av tilbygget ved Stordalshallen. I løpet av fire dugnadsfasar, der den siste av desse vart avslutta til påske, er det utført så mykje at det no berre er siste innspurten som står att!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.04.2014

Etter ein velfortent påskeferie er det no på tide å gå i gong med sluttføringa av tilbygget vårt. I dagane etter påske, har HT Bygg AS gjort ferdig arbeidet med å knyte saman taket på tilbygget med eksisterande vegg. Det er vidare like før arbeidet med å lage til uteområdet vert sett i gong. Men sjølvsagt er det også meir som skal skje innomhus og no først, hastar det med å verte ferdig med den platekledinga ein ikkje rakk før påske.

Som alltid er det slik at det er ein del som er ekstra ivrige til å stille på og mange har lagt ned ein formidabel innsats til no. Men framover mot påske opplevde ein dessverre også at det vart færre og færre som møtte opp til dugnad og dermed kom ein ikkje så langt som ein hadde håpa på. At oppmøtet går litt i byljer på denne måten er ikkje heilt uvanleg og slik var det på sett og vis også då Stordalshallen vart bygd for 17 år sidan. Men når ein også denne gongen er komen så langt at vi absolutt kan seie at vi "ser ti æ´n", er det framleis grunn til å håpe og tru at vi skal klare å kome i mål til siste helga i juni og Stordalscup 2014. 

Med dette som utgangspunkt set vi no opp nye dugnadslister, som vert gjeldande frå 5. mai og ut månaden. Vi tek sikte på same organiseringa som før påske, men då slik at vi ikkje har dugnad på fredagane. 

Det er avgjerande viktig å få ferdig platekledinga av veggar og tak i 1. etasje, slik at flislegging og maling kan starte opp. (sjølve flislegginga og malinga skal ikkje utførast på dugnad) Dermed er det også nettopp dette som er arbeidet som skal utførast i dagane framover.

Ein er sjølvsagt klar over at det er mykje anna som skjer også på denne tida av året, men like fullt håper ein at flest mulig, som vert sett opp til å vere med på innspurten for å få tilbygget ferdig, vil stille opp. Ikkje minst håper vi at dei som av ulike årsaker kanskje tidlegare ikkje har fått høve til å delta så mykje, kjem til å stille på i denne siste fasen. Om dei som har både 50 og 60 timar (...og kanskje fleire timar enn det og!) vert med også no, er det sjølvagt også suverent.

Når ein ser på oversikta, viser denne at det berre er snakk om seks kveldar totalt på kvart av laga (oppsett på kveldstid). Om ein så stiller opp på den eine av dei to kveldane etterkvarande, medfører dette i røynda til at det vert kun 3 økter! Om alle kan tenkje slik, vil det uansett verte nok med folk på kvar av øktene og det er heller ikkje behov for meir enn ein av dugnadsleiarane kvar gong.  

DERMED HANDLAR DET I RØYNDA OM DU KAN STILLE PÅ 3 ØKTER DETTE HER :)

Dersom det derimot skulle vere slik at du som står oppført på lista i denne siste fasen, uansett ikkje kan stille i det heile, er det umåteleg viktig at vi kan få tilbakemelding om dette, slik vi evt kan gjere omrokkeringar som sikrar ei jamnast mulig fordeling av folk på kvar dugnadsøkt. Om det ikkje passar den dagen du er oppsett, er det ingen ting i vegen for å at du stiller på ein av dei andre dagane/kveldane det skal utførast dugnad.


BLI MED PÅ INNSPURTEN SLIK VI KAN HÅPE PÅ Å HA TILBYGGET KLART TIL BRUK TIL STORDALSCUP!

Sjå gjerne vårt bildegalleri, som gir eit visst inntrykk av den fantastiske dugnadsinnsatsen som er lagt ned fram til no. No vil vi passere målstreken snarast mulig!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove