Nok ein flott konsert i regi av Stordal Hornmusikklag

Stordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - Klikk for stort bildeStordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017

Laurdag 11. november inviterte Stordal Hornmusikklag til nok ein konsert i Stordalshallen. Denne gongen hadde dei fått med seg Vatne Hornmusikklag og Stordal Skulekorps. I tillegg vart det også eit kjekt møte med fire nye aspirantar 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.11.2017

Stordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - Klikk for stort bildeStordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 Alfred Nilsen, Storfjordnytt Stordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - Klikk for stort bildeStordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 Hallgeir Hove Stordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - Nick i lag med aspirantane Sakarias Øvrebust og Emma Sylte Sæther. Foto Alfred Nilsen SN - Klikk for stort bildeStordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - Nick i lag med aspirantane Sakarias Øvrebust og Emma Sylte Sæther. Foto Alfred Nilsen SN Alfred Nilsen, Storfjordnytt Stordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - aspirantane Ximon Samuel og Olav Cavidad. Foto Alfred Nilsen, SN - Klikk for stort bildeStordal Hornmusikklag konsert 11. nov 2017 - aspirantane Ximon Samuel og Olav Cavidad. Foto Alfred Nilsen, SN Alfred Nilsen, Storfjordnytt

Samarbeidet med Vatne Hornmusikklag er langt frå nytt og det er liten tvil om at dette er fruktbart. Så er det også alltid stas å få høyre dei unge musikantane til Stordal Skulekorps og det er utvilsamt slik at dei held eit høgt nivå. Gode genar er ein ting, dugande born og unge noko anna. Sist, men ikkje minst kan ein, med rette også slå fast at dirigent Nick Ost verkeleg har innverknad på resultatet. Nokre veteranar var også å sjå innimellom dei mange unge, då skulekorpset var på scena, noko som sjølvsagt er med på å gjere det heile endå betre.

Så gler vi oss over at det stadig vekk kjem nye musikantar til nedanfrå og også denne gongen var det fire unge aspirantar vi fekk stifte nærare bekjentskap med. Slikt er skikkeleg stas!

Arrangørane hadde rigga scena på eine langsida av idrettshallen denne gongen og elles pynta med mange flotte lampettar på scena og lysrekkjer på kvar av sidene nedover blant publikum. Det heile vart rett så intimt, noko også bilda til ein viss grad får synleggjort, men ein må sjølvsagt ha vore til stades om ein skal ha muligheit til å kjenne denne stemninga, heilt på rett.

Både i forkant og i pausen, hadde arrangørane open kafe, med dei herlegaste kaker.

Konferansier for kvelden var Hilde Dyrkorn og det er ikkje første gongen ho er det. Ikkje er det første korpskonserten ho er med på å arrangere heller, for den del.

Sjølv om der var nokre ledige stolar - ja eigentleg alt for mange, med tanke på kor flott dette er - skal dei som var i aksjon vite at dei nok ein gong gleda mange. Og det å stå på scena og framføre så mykje flott musikk, må så definitivt vere både gjevande og utviklande i seg sjølv.

For fleire bilder frå den flotte konserten, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facbookside

Sjå gjerne også tidlegare reportasjar om dei flotte korpsa våra!

Stor takk til såvel arrangørane som til gjestane både herifrå og utanfrå!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove