Aksla J 10 - april 2019
Hallgeir Hove
Aksla J 10 - april 2019
Hallgeir Hove
Aksla J 10 - april 2019
Hallgeir Hove
Aksla J 10 - april 2019, skuddlaser
Hallgeir Hove
Men var det ikkje helselagsbasar denne helga då? Jau, det stemmer det, men like fullt fekk vi plass til eit nytt kjekt besøk frå det driftuge idrettslaget, dagen etter basaren og gjestane held på til eit stykke ut på søndag ettermiddag før dei vende heim.
I løpet av opphaldet hadde dei fått spela mykje handball, dei hadde gjennomført "Mestrenes mester - konkurransar" på stadion (i nydeleg sol), dei fekk teste ut team-track´n, skuddlaser´n, minigolf´n og mykje anna av det som elles er av utstyr i Stordalshallen.
Etter all aktiviteten på laurdagen smakte taco-buffeten ved Nilsgardstunet ekstra godt og vidare utover kvelden vart det tid til endå meir sosialt i grendasalen.
Det er ingenting som gledar oss meir, enn at gjestane dreg heim glade og tilfredse og fast bestemte på at dei vil tilbake til oss. Vi takkar også dette flotte handballaget for besøket og ynskjer dei velkomne hit ved neste høve!
På Stordalshallen si facebookside kan du sjå nokre bilder til frå den kjekke samlinga denne helga
Vi har leita litt i arkivet vårt og henta ut nokre lenker til reportasjar frå tidlegare Aksla-besøk:
Aksla IL, G 16 - september 2008
Aksla IL/Spjelkavik IL, damer - september 2010
Aksla IL/Spjelkavik IL, damer - september 2010
Aksla IL, herrer - september 2011
Aksla IL/Rollon IL, G 14 - september 2012
Aksla IL, gutar 2002 (fotball) - september 2013
Aksla IL, jenter 13 (fotball) - februar 2014
Aksla IL, gutar 2002 (fotball) - september 2014
Aksla IL, J 11 - september 2017
Aksla IL/Rollon IL, J 16 - august 2018
Aksla IL, J 13 - oktober 2018
Aksla IL, J 11 - april 2019