Logo - Nordplan AS
Nedanfor presenterer vi nokre få av veldig mange flotte prosjekt i Nordplan sin regi. Sjekk nettsida, for meir!
Nordplan - Førde Rådhus
Eitt av mange større prosjekt Nordplan AS jobbar med, er Førde rådhus
Nordplan - Luftambulansebygg Førde
Luftambulansebygget der er også Nordplan AS sitt prosjekt
Nordplan - Trivselhagen IKS
Nordplan AS også arkitektane bak Trivselhagen IKS
Fotograf: Staale Wattø, Smp
Dei nye, flotte trappene opp til Fjellstua i Ålesund, er det også Nordplan som står bak fotograf Staale Wattø, Smp

Nordplan AS er også klar for å kome med på vinnarlaget!

Nordplan AS er altså neste verksemd som ynskjer inngå eit nærare samarbeid med oss og det er ikkje til å legge skjul på at vi synest det er stor stas. Om du skulle vere usikker på kva Nordplan står for, ja då bør du ta deg tid til å sjå nærare på det. Vi vart iallefall imponert!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.02.2016

Dei siste dagane har vi hatt gleda av å kunne presentere endå fleire samarbeidspartnarar og det er ikkje til å legge skjul på at vi synest dette er stas. Nettopp dei mange samarbeidspartnarane våre, er noko av forklaringa bak den suksessen vi opplever og det er også slik at dette i høgste grad er ein "vinn vinn - situasjon" i og med at våre om lag 100 samarbeidspartnarar også er særdeles godt fornøgde med det dei får ta del i. 

Den neste verksemda vi no får høve til å presentere, er altså Nordplan AS. For verkeleg å få eit inntrykk av kva Nordplan står for, anbefaler vi alle å ta ein kikk på nettsida deira. Der finn du mykje meir om dei mange flotte prosjekta dei står bak.

Her nokre små tekstutdrag, som seier litt om kva Nordplan AS står for:

"Nordplan vart etablert i 1987. Vi er eit fleirfagleg kompetansemiljø som utfører:

- Arkitekttenester
- Landskapsarkitekttenester
- By- og arealplanlegging
- Bygge- og anleggsteknisk prosjektering
- Brannteknisk prosjektering
- Prosjektadministrasjon.

Vi har hovudkontor på Nordfjordeid, avdelingskontor i Førde, Ålesund og Vågå.

Vi tilbyr design-, plan- og prosjekteringstenester i eit kreativt fagleg miljø med sterkt kundefokus. Vi arbeider for offentlege og private kundar i alle prosjektfasar, frå idé til ferdig bygt anlegg. Gjennom våre avdelingskontor tilbyr vi teknisk og arkitektfagleg rådgjeving gjennom heile verdikjeda frå planlegging og design, prosjektering og produksjon fram til ferdig bygt anlegg. Vi legg stor vekt på tverrfagleg prosjektering gjennom tett samvirke mellom ulike fagområde. Fagfolk med ulik bakgrunn som samarbeider tett ved handtering av grenseflatene mellom fag skaper gode og fleksible løysingar.

Nordplan har etablert ein god posisjon i marknaden, basert på kvalitetsbevisst design og arkitektur, avansert bruk av informasjonsteknologi og eit sterkt fokus på kostnader.

Forretningsidé

Vår forretningsidé er å levere rådgjevings- og prosjekteringstenester som skaper verdiar for kundane og lønsemd for selskapet.

Vi har som målsetting å vere eit leiande fagmiljø innanfor planlegging og prosjektering av bygg og anlegg. Denne målsettinga vil vi nå ved å skape funksjonelle løysingar og moderne arkitektur av høgste klasse basert på ein overordna filosofi som integrerer økologiske, sosiale, tekniske og økonomiske omsyn gjennom heile oppdraget frå idéutvikling til ferdig prosjekt.

Arbeidet som vert utført på våre kontor skal vere av høg fagleg standard. Vårt arbeid skal utførast i samsvar med krav i forskrifter og lover samt oppdragsgjevar sine krav nedfelt i prosjektet sitt program, rammebetingelsar og kontrakt.

Nordplan skal utøve rådgjevingstenester i samsvar med RIF - Rådgivende Ingeniørers Forening - og Arkitektbedriftene i Norge sine normer som tek vare på krav til fagleg kompetanse, sunn forretningsmessig drift, god orretningsskikk og uavhengig rådgjeving."

Nordplan AS har også ei fantastisk flott facebookside!

Les gjerne også den fine reportasjen om dei nye fjellstuetrappene. Sjølvsagt var det Nordplan som også vart arkitektfirmaet bak dei! 

Førde Rådhus nominert til Arkitekturpris!

Som nemnt innleiingsvis, oppmodar vi alle til å gå inn på nettsida til Nordplan AS og sjå alle dei flotte prosjekta selskapet står bak

Vi vil med dette ynskje Nordplan AS velkomen med på laget!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove