Fotograf: Hallgeir Hove
Heile gjengen samla og klare til aktivitetar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fem skyttarar i aksjon. Jostein og Nils Jørgen instruerer fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lagkonkurranse i minigolf stod også på programmet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Den ein gruppa i djup konsentrasjon for å finne dei rette svara fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange imponerte også med skikkeleg trøkk i tilslaget mot skuddlaseren fotograf Hallgeir Hove

Nordvest Distribusjon og Sunnmørsposten på blåtur

Ein god gjeng spreke tilsette ved Nordvest Distribusjon og Sunnmørsposten var sist fredag på blåtur til Stordal. Først på programmet stod aktivitetsopplegg i Stordalshallen, før vegen gjekk vidare til Kristin og Peder Vikenes ved Blåtind. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.09.2012

I Stordalshallen fekk gjengen teste ut ferdigheitene sine både i klatreveggen og på miniatyrskytebana. I tillegg var det lagt opp til konkurranse i minigolf og quiz. Den som ville prøve ut ferdigheitene sine i presisjonskast av erterposar, måle skuddstyren sin, spele bordtennis/badminton, teste ut team-track´n, eller rett og slett blansere på bosuball, fekk også høve til det.

Eli Søvik og Lottie Eisma, saman med underteikna tok hand om instruksjon i klatreveggen, medan Jostein Myrvang og Nils Jørgen Ringset frå Liabygda skyttarlag instruerte på skytebana. Instruktørane var imponert over kor dyktige deltakarane var og sjølv dei eldste på over 80 meistra også klatreveggen godt. Torstein Lianes, som vel nesten er for stordaling å rekne, klatra opp veggen og ut på bjelken i taket i rein "Spiderman-stil". Rett og slett imponerande.

Etter at den om lag 90 minutters lange økta i Stordalshallen var over, gjekk så turen vidare til Blåtind og kjenner vi Kristin og Peder rett, vart det eit rett så minnerikt og flott opphald der.

Det var kjekt å få besøk av den trivlege gjengen frå by´n!

Sjå endå fleire bilder frå opplegget i Stordalshallen i galleriet vårt.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove