Fotograf: Hallgeir Hove
Denne kjekke gjengen var med på opplegget i idrettshallen fredagskvelden fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ein del av musikantane og leiarane gjer seg klare til første øving fotograf Hallgeir Hove

Nørvasund Skolekorps med ny øvingshelg i Stordal

Dei siste åra har det blitt fast tradisjon for Nørvasund Skolekorps å legge øvingshelgane sine til Stordalshallen. Sist helg var ein kjekk gjeng frå korpset på plass på ny.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 17.09.2012

I og med at Stordalshallen frå før av var reservert til handballaget Aksla/Rollon G 14, måtte ein denne gongen improvisere litt for å få det til slik at øvingshelga kunne gjennomførast her. Det vart difor lokala ved Stordal Ungdomsklubb og Stordal Frivilligsentral som vart base for korpset, medan dei fekk nytte klasserom ved Stordal skule til øvingane sine.

Opplegg i Stordalshallen stod sjølvsagt på programmet også denne gongen og på fredagskvelden var musikantar, foreldre og leiarar med på ei to timars økt der dei m.a. fekk instruksjon i klatreveggen, dei fekk boltre seg på team-track´n, prøve seg i minigolf, presisjonskasting, softball, skuddlaser m.m. Eli Søvik frå klatreklubben og underteikna stod for instruksjonsopplegget i klatreveggen og både små og store såg ut til å sette pris på å få teste ut ferdigheitene sine der.

No var det ikkje like mange som deltok denne gongen som tidlegare, men etter det vi forstår er det i år heile 30 aspirantar og det lovar sjølvsagt godt for åra som kjem!

I og med at Nørvasund Skolekorps har vitja oss fleire gongar dei siste åra, kan det vere kjekt med eit lite tilbakeblikk.

Her er reportasjen frå november 2010  

Her er reportasjen frå mars 2011 

Vi takkar for nok eit hyggeleg besøk og ynskjer korpset velkomen attende!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove