Fotograf: Hallgeir Hove
Hurra for Nørvasund Skolekorps! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fellesøving i grendasalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dyktige musikantar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Heile gjengen samla på team-track´n fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kjekt å få Bygdabladet på besøk, laurdag! fotograf Hallgeir Hove

Nørvasund Skolekorps med ny super øvingshelg!

For fjerde året på rad vitja den supre gjengen frå Nørvasund Skolekorps, Stordalshallen og denne gongen med nærare 30 musikantar. I tillegg var det med ein god gjeng vaksne som stod på både seint og tidleg, og dermed bidrog til at dette vart særs vellukka. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.09.2013

Øvingshelga starta med eit aktivitetsopplegg over eit par timar, på fredagskvelden. Då var Lottie Eisma, saman med underteikna på plass i klatreveggen. I tillegg fekk musikantane også boltre seg på team-track´n, prøve ferdigheitene sine i minigolf og presisjonskast og sjølvsagt måtte dei teste kunnskapane sine i Stordalshallen sin Stordalsquiz! Det var upåklageleg innsats og tydelgevis eit høgdepunkt for mange å få prøve seg i klatreveggen.

Medan aktivitetane i hallen pågjekk, ordna foreldra klar til pizza i grendasalen og det smakte nok godt med mat etter at aktivitetane var over. Etter maten var det så klart for ei økt me speling og elles på programmet stod det også framsyning av filmen "Grease", forøvrig er filmmusikken der ein del av repertoaret til korpset for tida.  

Heile laurdagen gjekk med til øving og då slik at dei var delte inn i grupper alt etter kva instrument dei spela. Men tid til leik og moro vart det sjølvsagt og, innimellom dei mange øktene med øving. Team-track´n var i bruk, heile helga. I tillegg vart det spela bordtennis, innebandy og anna kjekt. På laurdag var det også sett opp tur i symjebassenget ved Stordal skule, som ligg vegg i vegg med Stordalshallen. Dette var også tydelegvis populært. Utover laurdagskvelden vart det meir frå prosjektor og lydanlegget i grendasalen og det heile vart rett så sosialt og kjekt.

På laurdagen fekk vi også bersøk av Ruth Janne Vinje, journalist i Bygdebladet. Ho hadde fått med seg den store aktiviteten ved Stordalshallen og ynskte å lage ein reportasje på dette. Til ære for journalisten stilte difor også heile gjengen opp til fellesbilde i ein av pausane deira. Kjekt!

Ho nytta også høve til å slå av ein prat med gjestane, for å høyre korleis dei hadde det på øvingshelg i Stordalshallen.

Søndag var det så tid for å samkøyre det ein hadde øvd på gruppevis og dermed felles øving i grendasalen. Øvingshelga vart runda av med ein minkonsert og det var tydeleg at all øvinga hadde gitt resultat. Musikantane fekk velfortjent applaus og hovudansvarleg for øvingshelga, Roy Kasper Naalsund, var også klar på at dette verkeleg var bra. Han nytta også høve til å takke alle dei som hadde vore med å bidratt til at øvingshelga hadde blitt så flott og fekk også sjølv fortjent applaus frå både foreldre og musikantar.

Vi tek gjerne med oss vidare dei gode tilbakemeldingane vi fekk frå våre gjestar frå Nørvasund Skolekorps og gler oss til dei kjem tilbake, alle saman! Ja, for alt no, har dei reservert plass til ny øvingshelg neste haust!

Takk for no og velkomen tilbake!

For fleire bilder frå den kjekke øvingshelga, sjå eige galleri på Stordalshallen si facebook-side.

Ta deg gjerne eit tilbakeblikk på reportasjar frå Nørvasund Skolekorps sine tidlegare øvingshelgar hjå oss:

2012             2011             2010


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove