Fotograf: Hallgeir Hove
Den flotte standen til Fillipinane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Den flotte standen til Island fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Halvparten av den flotte standen til Sri Lanka. Sjå bildegalleriet for resten av denne og mykje, mykje meir fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Marjan, Ursula, Bjørg og Terese framfører "Fader Jakop" fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Familien Mupenda, frå Kongo, bryner seg på quiz´n fotograf Hallgeir Hove

Ny, fin kulturfestival!

Laurdag den 12. september gjekk den tredje internasjonale kulturfestivalen av stabelen. Denne gongen var det Stordalshallen som var valgt ut som arena og det vart rett så triveleg både inne i grendasalen der festivalen vart gjennomført og utanfor, der dei politiske partia nytta høve til å presentere seg.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.09.2015

Sjølv om det denne gongen ikkje var like mange nasjonar med som tidlegare, vart det absolutt eit vellukka arrangement. Grendasalen var stapp full av folk i tre heile timar og det var skikkeleg triveleg å vere med på dette.

Her var det spanande smakar frå både Sri Lanka, Nederland, Island, Fillipinane og Sør Korea og denne gongen hadde vi også eigen stand med norske spesialitetar. Det var pensjonistlaget som hadde laga til flott stand med dette. I tillegg til dei mange gode smakane, var det også supre presentasjonar der vi t.d. fekk bli langt betre kjent med alt det Nederland har å by på.

Frå scena vart det m.a. veldig kjekt gjensyn med Virusha. Ho har mang ein gong gleda oss med sin vakre indiske dans i sine praktfulle drakter. Ein fullsett grendasal let seg verkeleg imponere. Ei stor gruppe med damer frå Fillipinane framførte nasjonalsangen sin, også det veldig flott!

Biblioteket var også på plass og Bjørg framførte eventyr for dei minste. I tillegg sytte ho for at vi fekk høyre "Fader Jakop" på mange ulike språk, akkompagnert av Magne Staurset på piano. Her stilte også mange av deltakarane sporty opp på scena og song i lag med Bjørg, på sine språk. Dermed fekk Stefan Snebjørnson frå Island, Nadine Bochman frå Tyskland og Marjan Dijkstra frå Nederland også vist fram talent vi tidlegare ikkje var klar over at dei hadde. At Ursula Vos frå Nederland er ein dugande songar, var vi klar over frå før. Også Terese Jemtegård Moen entra scena og song i lag med dei andre. Terese kjem som kjent frå Fjordhagen i Valldal, som denne gongen også var med som medarrangør. Desse kulturfestivalane er ein del av Barnas kommune-prosjektet og i tillegg til biblioteket og Fjordhagen, er også frivilligsentralen sentral i arrangementet.

På parkeringsplassen utanfor Stordalshallen hadde dei politiske partia (representerte i Stordal) rigga seg til, slik at alle som ville det kunne avlegge standande deira eit besøk. Kjempeflott!

Med så mykje liv og røre og med så god oppslutning ikkje minst også frå dei som har budd og vakse opp her i kommunen, vart dette ein skikkeleg triveleg ettermiddag og heilt klart noko vi ikkje vil vente lenge med å gjenta.

Vi rettar ei stor takk til alle dei som deltok og ikkje minst sjølvsagt, ei ekstra stor takk til dei som laga til slike flotte standar denne dagen.

Storfjordnytt har laga flott reportasje, som vanleg. Den bør du få med deg.

I tillegg har vi laga eit stort galleri med bilder frå kulturfestivalen. Dette finn du på Stordalshallen si facebook-side.

I vår førehandsreportasje finn du som vanleg også tilbakeblikk på tidlegare kulturfestivalar.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove