Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal og Herd sine lag i klasse J 2002 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Spjelkavik hadde med to lag i klasse J 2002 og ekstra kjekt då at kampen dei imellom enda uavgjort fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal og Hundeidvik sine lag i klasse J 2001 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange tette duellar. Her frå kampen mellom Spjelkavik og Herd i klasse J 2002 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Arvid Hjelmset og Roar Søvik, to av mange friviljuge også denne helga fotograf Hallgeir Hove

Ny flott futsal-helg!

Det var futsal-kampar frå tidleg morgon til langt på kveld både laurdag og søndag i Stordalshallen. Til liks med dei to første futsal-helgane, var stemninga like stor også denne gongen og som vanleg prikkfritt arrangert av fotballgruppa.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.02.2013

For at alle dei 200 spelarane som er i aksjon og dei mange som vil ha med seg det heile frå tribuna, skal trivast, er mange friviljuge i sving. Dette både på kjøkkenet, i kafeen, i sekretariatet og sjølvsagt ute på bana (som dommarar). Kjempeflott!  

Med arrangementet denne helga vel i hamn, kan ein sjå attende på tre vellukka arrangement her. I og med at dette flotte tilbodet er blitt så populært, er det behov for å sette av endå ein dag til for å få alle kampane avvikla. Dermed er det klart for ytterlegare ein dag med futsal-serie i Stordalshallen denne vinteren. Dette skjer laurdag 9. mars og etter det vi forstår, er det lag i klasse J 12 som skal i aksjon då. 

For fleire bilder frå arrangementet denne helga, viser ein til eige galleri på Stordalshallen si facebook-side.

Sjå gjerne også våre tidlegare reportasjar for meir.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove