Ny, flott juleavslutning!

Juleavslutning Stordal skule 2018 - Klikk for stort bildeJuleavslutning Stordal skule 2018 Hallgeir Hove

Stordal skule sine juleavslutningar er berre topp og slik var også årets utgåve. I tillegg til flott song og dugande framføringa av stykket; Reisen til Julestjernen, var det også høgtidleg overrekkjing av kulturstipend og utdeling av Sparebanken Møre si jubileumsgåve.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 03.04.2019

Juleavslutning Stordal skule 2018 - utdeling av kulturstipend - Klikk for stort bildeJuleavslutning Stordal skule 2018 - utdeling av kulturstipend Hallgeir Hove Juleavslutning Stordal skule 2018 - utdeling av SBM si jubileumsgåve på kr 175.000 - Klikk for stort bildeJuleavslutning Stordal skule 2018 - utdeling av SBM si jubileumsgåve på kr 175.000 Hallgeir Hove Juleavslutning Stordal skule 2018 - småskulesteget på scena - Klikk for stort bildeJuleavslutning Stordal skule 2018 - småskulesteget på scena Hallgeir Hove Juleavslutning Stordal skule 2018 - i pausen trekte publikum til grendasalen - Klikk for stort bildeJuleavslutning Stordal skule 2018 - i pausen trekte publikum til grendasalen Hallgeir Hove

Kvelden starta med at ordførar Eva Hove, assistert av rektor Marianne Nakken, delte ut synlege bevis på at Maciek Kaniecki er tildelt Stordal kommune sitt kulturstipend for 2018. Maciek fekk overrekt sjekk på kr 3.000,-, flott blomsterbukett og diplom. Maciek nytta høve til å rette ei stor takk til alle dei som hadde vore med å hjelpt han.

Men det skulle vise seg å vere endå fleire flotte overrekkjingar, når banksjef i Sparebanken Møre, Bente Nakken, entra scena. Ho kunne fortelje at banken hadde ei jubileumsgåve på heile kr 175.000,- å dele ut. (og då hugsar vi også godt at det ikkje er lenge sidan den same banken hadde gåve til jubilanten Stordal IL, på heile kr 500.000,-!) Ein eigen jury hadde gått gjennom mange gode søknadar og enda opp med å velje ut eitt prosjekt, nemleg det som omhandla leikeområdet ved Stordal skule. På vegne av søkjaren FAU, kunne leiaren der, Linda Vad motta den store sjekken og rette ei stor takk til den gåvmilde banken.

Dei to utdelingane passa perfekt som start på juleavslutninga og etter at denne delen var over, losa dei to dyktige programleiarane, Paula Løset Skodjereite og Almar Remme, oss gjennom eit suverent program.

Først fekk vi vakker song framført av småskulesteget og dernest ungdomssteget, før det var tid for pause med kafesal i grendasalen. Det var mange som var klar for å kjøpe både kaker og anna godt og bra var det, for inntekta den gjekk til skulekorpset vårt.

Etter pausen var det altså klart for stykket; Reisen til Julestjernen og det var flott iscenesatt av elevar og lærarar på mellomsteget. Det er rett og slett imponerande å sjå elevane i aksjon på scene både med tanke på innlevelse og ikkje minst med tanke på alle replikkane som skal hugsast. Det var, som alltid, også rigga ei flott scene med fine kulissar og med prosjektor og storskjerm som prikken over i-en.

Som alltid er det slik at alle elevane på skulen er i sving, i samband med desse juleavslutningane, anten det er på scena eller anna. Elias Reinhardt, Daniel Hovde, Jip Verwer og Herman Tronstad hadde t.d. ansvaret for lyd og lys denne kvelden, noko dei meistra glimrande. Det er ikkje få timar med øving som ligg bak noko slikt og skulen hadde rigga seg til over ei veke i førevegen.

Det er berre - nok ein gong - å ta av seg hatten for elevane og lærarane ved Stordal skule. Gratulerer med ei ny, suveren juleavslutning!

Sjå gjerne også vår reportasje frå i fjor og finn lenker til juleavslutningane heilt tilbake til 2009!

For fleire bilder frå årets juleavslutning, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove