Ny, flott konsert i regi av Stordal hornmusikklag

Konsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 Alfred Nilsen, Storfjordnytt Stordal hornmusikklag har lagt nok ein super konsert bak seg og også denne gongen kunne arrangørane by på gjestemusikarar av ypperste klasse. Den belgiske fløytisten, Inge Smedts, var tilbake i Stordalshallen og då ho var med forrige gong (i 2013) vart konserten den gongen av mange omtala som den beste som hadde vore. Verken ho, eller hornmusikklaga på Vatne og i Stordal skuffa publikum og det gjorde verkeleg heller ikkje Stordal skulekorps.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.11.2018

Konsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 Alfred Nilsen, Storfjordnytt Konsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 Johan Vinje Konsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 Alfred Nilsen, Storfjordnytt Konsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 - dyktige musikantar frå skulekorpset  - Klikk for stort bildeKonsert med Stordal Hornmusikklag 3. nov 2018 - dyktige musikantar frå skulekorpset Alfred Nilsen, Storfjordnytt

 

Som alltid, når korpsa våra har konsert, kan ein også meske seg med all verdas beste kaker innimellom det ein får oppleve frå scena. Først fekk publikum høyre Stordal hornmusikklag og Stordal skulekorps saman. I den andre økta spela Inge Smedts eit flott solonummer på piccolofløyte, i tillegg til Stordal hornmusikklag og Vatne hornmusikklag, samt dei eldste i skulekorpset. Til den siste økta på konserten var det så dei to hornmusikklaga som entra scena.

No var det ikkje berre Inge Smedts som var langvegsfarande gjest under denne konserten. I fyljet frå Belgia var det fleire andre og dei trakterte både horn, marimba og fløyte/piccolo, noko som naturleg nok bidrog til at opplevinga for publikum vart endå betre.

Flotte naturbilder på storskjerm høyrer også med, når tema for konserten var: "Wonders og Nature". Som vanleg hadde arrangørane også fått rigga flott scene, denne gongen på midten av langveggen i idrettshallen.

Dyktige programleiarar var Regine Jacobsen og Mariell Hove Busengdal.

 

Vi gratulerer arrangørane med nok ein flott gjennomført konsert!

 

Sjå gjerne vår reportasje frå då Inge Smedts deltok på konserten her for fem år sidan

Førehandsomtale hadde vi i vår presentasjon av kulturkalender nr 4, 2018

Sjå også reportasjen vår, etter den fine konserten deira i slutten av april i år (der finn de også lenker til ei rad tidlegare reportasjar om Stordal hornmusikklag og Stordal skulekorps.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove