Ny, flott korpskonsert

Konsert Stordal Hornmusikklag m.fl. søndag 10. nov 2019 - Klikk for stort bildeKonsert Stordal Hornmusikklag m.fl. søndag 10. nov 2019 Eva Hove

Stordal Hornmusikklag, saman med Stordal Skulekorps og gjestar frå Vestrefjord skulekorps stod bak ein feiande flott konsert i Stordalshallen, søndag den 10. november. Publikum fekk også stifte bekjentskap med skulekorpset sin nye dirignet, Paul Bennett.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.11.2019

Konsert Stordal Hornmusikklag m.fl. søndag 10. nov 2019 - Klikk for stort bildeKonsert Stordal Hornmusikklag m.fl. søndag 10. nov 2019 Eva Hove Paul Bennet - ny dirigent for Stordal skulekorps - Klikk for stort bildePaul Bennet - ny dirigent for Stordal skulekorps Privat

I tillegg til dei mange imponerande prestasjonane frå scena, kunne publikum meske seg med alskens gode kaker i pausane og som vanleg var det også eige lotteri. Også denne gongen var det Hilde Dyrkorn, som var programleiar og som vanleg var Nick Ost på plass som dirigent. 

Ny dirigent for skulekorpset

Publikum fekk denne sødagen også stifte bekjentskap med Paul Bennett. Han er ny dirigent for skulekorpset og fortel at han flytta til Norge for 18 månader sidan. I tillegg til dirigentjobben for korpset her, nemner han også at han er dirigent for Ellingsøy skulekorps. Han lærer messing også til elevar både i Tomrefjord og på Vatne, i tillegg til Stordal og Ellingsøy. Bennet er ingen kven som helst sjølv heller, og kan m.a. vise til titlar som solo-mester både i Storbritannia, Australia og på New Zealand. Når ein i tillegg blir sponsa av Buffet Crampon, er det ikkje vanskeleg å skjøne at han kan sitt althorn, for å seie det slik.

Vi har leita fram Paul i aksjon, slik de kan høyre sjølve.

Gjesteartist under City of Champions i 2015:
https://www.youtube.com/watch?v=fkHqmscbIAw

Her på New Zealand i 2017:
https://www.youtube.com/watch?v=uy9yEPXvoVo

Når vi frå før av har Nick Ost som dirigent - og har hatt det i mange år - er det definitivt grunn til å hevde at dei held særdeles høgt nivå, dei som kjem til Stordal for å dirigere korpsa våre. Ja, rett og slett unikt er det.

Nye flotte gensrar

Det var heller ikkje vanskeleg å sjå at korpset hadde fått seg nye, flotte gensrar. Dei var på plass til korpset drog på stemne på Tusenfryd i september. Leiar for korpset, Silje Reiten, fortel at det nok ein gong var Sparebanken Møre som var med og sponsa det heile og då også med god hjelp frå Harry Tøsse ved Profil-X.  Det var ungdomane sjølve som fekk plukke ut fargen og det er rett å hevde at dei er blitt eit klar førsteval, når gjengen skal opptre.

 

Det ligg mykje arbeid bak eit arrangement som dette og det er på sin plass å rette ei stor takk til alle som var med og bidrog!

Om du ynskjer å sjå tilbake på mykje anna flott i regi av Stordal Hornmusikklag og Stordal skulekorps, er du velkomen til det.

Stordal Hornmusikklag på facebook

Stordal skulekorps på facebook

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove