Fotograf: Hallgeir Hove
Eirin og Hanna (programleiarane) deler ut flotte premiar til alle som hadde vore med fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eirin Renate Reite Wiik og Hanna Sørås var programleiarar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nærare 200 var på plass i idrettshallen også denne gongen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var ei rett så proff scene som var rigga til og med ei skikkeleg flott lyssetting fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria H Tøsse, Robert Iversen og Ola Stavseng utgjorde juryen. Bak ser vi Jonny Titlestad og Jan Roger Hauge (lyd og lys) fotograf Hallgeir Hove

Ny flott lokalmønstring!

I går kveld vart årets lokalmønstringa av UKM, arrangert i Stordalshallen. Det var 10. klasse ved Stordal skule som stod bak og til liks med tidlegare skjedde dette på utmerka vis. Publikumsinteressa er alltid god i samband med UKM og dei nærare 200 i idrettshallen fekk oppleve mange dyktige unge, både på scena og som utstillarar. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.02.2015

Det er ikkje til å legge skjul på at det er ekstra stas, når lokalmønstringa av UKM vert arrangert inne i idrettshallen. Sjølv om det er noko meir arbeid å lage til på førehand, vert det heile langt meir profft inn i sjølve hallen. Med den store publikumsoppslutninga UKM har fått, ville det elles også rett og slett blitt for liten plass i grendasalen.

Opprigginga starta alt på fredagskvelden og då var det arrangørane av UKM og neste helgs Årsfestarrangør som i fellesskap fekk på plass både scene, trosserigg, sveivetårn, dansegolv, scenetepper, storskjerm, bord, stolar m.m. Det var elles ikkje få timar dei la ned dei to karane som styrte med lyd og lys. Berre avbrutt av oppdraget i samband med Jibbe-Cup ved Arena Overøye, var Jan Roger Hauge og Jonny Titlestad stort sett på plass i Stordalshallen døgnet rundt i forkant av UKM. Resultatet vart naturlegvis også upåklageleg!

Det var Eirin Renate Reite Wiik og Hanna Sørås, som var programleiarar, ein jobb dei meistra veldig bra. I tillegg til å introdusere innslaga på scena, vart vi oppmoda til å besøkje kunstutstillinga og naturlegvis kafeen. Etter at alle innslaga var ferdig, fekk dei også juryen opp på scena, slik denne fekk vel fortent applaus og sjølvsagt ein bukett med roser kvar.  

Også denne gongen kunne arrangørane friste med eit imponerande kakebord og sjølv om dei berre hadde ein type kaffe, smaka også den fortreffeleg!

På scena fekk vi oppleve desse:

JARM m/Amalie E Hove, Rebekka Helland, Mathilde V Øvrebust og Trygve Walbø (gitar)

HERDIS KAMP (song)

TIGERS m/Thea Marie E Hove, Celina O Almås, Mariell Busengdal og Paula Skodjereite (dans)

SINNE EISMA (piano)

THE GRAFITTYS m/Grace Katanku og Martin Stavseng (dans)

HANNE MALENE SIMONSEN og KATRIN INNSELSET (song)

SAFEHOUSE m/Amalie E Hove (vokal), Andreas Vidhammer (trommer), Tor Egil Sjøholt (bass) Trygve Walbø (gitar)

Desse hadde flotte bidrag til utstillinga:

EIRIN RENATE REITE WIIK (teikning)

ELIAS STAVSENG OG FREDRIK H BUSENGDAL (teikneseriebok)

GUNN ELI HJELLE (dikt og foto)

ISAK TAFJORD (fuglekasse)

JEANETTE LIEN (teikningar)

NORA HOLTLEITE (maleri)

TEAMBOYS m/Andreas Alne og Johannes Storheim

Juryen denne gongen bestod av: Maria Holand Tøsse, Robert Iversen og Ola Stavseng. Alt ein time før publikum var på plass var dei i full gong med å notere ned sine vurderingar i høve til det som utgjorde utstillinga. Medan kvart av sceneinnslaga vart framført noterte dei vidare og etter at alle innslaga var ferdige, var det tid for å samanfatte det dei hadde notert, slik at kvar og ein av deltakarane kan få si vurdering basert på det ein samla jury hadde merka seg. I tillegg er det altså juryen som skal gjere seg opp ei meining om kva for innslag det er som kan gå vidare til fylkeskulturmønstringa. Det å site i ein slik jury, er nok ikkje nokon enkel jobb og aller helst skulle dei nok sikkert sett at dei kunne sendt alle vidare, men slik er det altså ikkje. Det er nemleg maksimalt 3 sceneinnslag og 2 kunstverk som kan sendast vidare.

For endå fleire bilder frå den flotte kulturmønstringa, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Kjekt også å kunne vise til at galleriet også er blitt via plass til på Sunnmørsposten si nettside.

I morgon vil vi offentleggjere kven som får høve til å gå vidare frå Stordal kommune. Fylkeskulturmønstringa går av stabelen i Herøy kommune i dagane frå 17. - 19. april.

Men det vi kan konkludere med her, er at alle som deltok har all grunn til å vere nøgde med innsatsen sin og vi håper at dei alle saman fekk endå meir motivasjon til å halde fram, etter det dei fekk vere med på i går kveld!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove