Fotograf: Hallgeir Hove
Dyktige damer, frå venstre; Bjørg Jacobsen, Ingrid Løset, Anna Margrethe D Moe, Bjørg Moltu, Marit Kaldhol, Vibeke L S Høgseth og Inga Janonyte fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bjørg Moltu ynskjer velkomen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ingrid Løset (leiar for Mental Helse Stordal) takkar Vibeke L S Høgsetf for flott foredrag fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange ville sikre seg signerte bøker frå Marit Kaldhol fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Hege Støversten (frå lokallaget til Mental Helse) var også med då Venn1 hadde opplegg ved Stordal skule tysdagen fotograf Hallgeir Hove

Ny, flott markering av Verdensdagen for psykisk helse!

Dei siste dagane har det vore fleire flotte arrangement i høve Verdensdagen for psykisk helse. Fredag 17. oktober hadde Mental Helse stand i sentrum, tysdag 21. oktober var Venn1 på besøk ved Stordal skule. To dagar etter, var nærare 50 på plass under eiga markering i Stordalshallen. Denne var eit samarbeid mellom Mental Helse Stordal, Stordal bibliotek, frivilligsentralen, God Helse og psykisk helsearbeidar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 25.10.2014

Mental Helse Stordal har ei super heimeside, der Anna Margrethe Drægebø Moe, har laga nok ein flott reportasje. I denne vert alle dei tre nemnte arrangementa skildra på utmerka måte.

Tema for Verdensdagen for psykisk helse var i år: Kvardagsstress og psykisk helse. Sjå gjerne vår førehandsreportasje for meir.

I Stordalshallen var både forfattar Marit Kaldhol og spesialsjukepleiar Vibeke L S Høgset med, og dei nærare 50 frammøtte fekk verkeleg ei gjevande og flott stund saman.

Om du vil vite meir om kva Venn1 står for, finn du mykje om dette her.

Det er verdt å merke seg at det Verdensdagen for psykisk helse vart markert for åttande året på rad no!

Stor takk til alle dei som var med og bidrog til den flotte markeringa!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove