Fotograf: Dan-Ketil Jacobsen
Langevåg IL sine handballjenter (J 14) på plass i grendasalen fotograf Dan-Ketil Jacobsen
Fotograf: Dan-Ketil Jacobsen
Ein del av spelarane i aksjon, saman med trenarane Lars Skrede og Gunn Skotheimsvik fotograf Dan-Ketil Jacobsen
Fotograf: Dan-Ketil Jacobsen
Mange tøffe duellar, når jentene møttest til innbyrdes kampar fotograf Dan-Ketil Jacobsen
Fotograf: Dan-Ketil Jacobsen
Fleire duellar.. Takk til Dan-Ketil, for tilsendte bilder! fotograf Dan-Ketil Jacobsen

Ny, flott treningssamling sist helg!

Sist helg hadde Stordalshallen besøk av om lag 30 handballjenter frå Langevåg IL. Det var laget sine 14 års spelarar, som var med på samlinga og det var stor aktivitet frå fredag kveld til langt ut på søndagen. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.08.2012

Hovudtrenar Lars Skrede kunne konstatere at samlinga hadde vore særs vellukka, både sportsleg og sosialt. Det var elles imponerande å høyre kor stor oppslutning handballen har i Sula, noko som m.a. resulterer i at dei faktisk har heile tre lag med i serien, berre i 14 års klassa for jenter! Les gjerne meir om dette på Langevåg IL si heimeside.

I løpet av helga køyrde dei heile fem økter inne i idrettshallen og i tillegg ei god økt med løpstrening på det flotte tartandekket ved Kirkebø stadion. Skuddlaseren stod framme heile helga, slik at jentene kunne teste krafta i skudda sine.

Det vart også tid til sosialt samvær, sjølvsagt og på laurdagskvelden kunne alle saman også hygge seg med grilling i området utanfor Stordalshallen.

Vi nyttar høve til å takke for det hyggelege besøket og samstundes ynskjer vi alle dei tre laga lykke til i dei komande kampane!


"Takk for en super helg inne hos dere, alle er kjempefornøyd!"

Lars Christian Skrede, hovudtrenar Langevåg IL (J 14)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove