Fotograf: Hallgeir Hove
Fornøgde spelarar og trenarar frå Blindheim og Sykkylven (J 13) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er det Spjelkavik og Herd (J 12) som stiller til fellesfoto, etter endt kamp fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ein ørstaspelar farleg frampå, i kampen mot Spjelkavik (G 12) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ørsta og Spjelkavik (G 12) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Flott nabooppgjer mellom Stordal og Skodje i klasse G 12 fotograf Hallgeir Hove

Ny futsalsesong vel i hamn

Sist helg gjekk den fjerde futsalhelga av stabelen i Stordalshallen og både Stordal IL og Sunnmøre Fotballkrets, kan konstatere at interessa for konseptet er framleis like enorm. Med dei to helgane før jul, og dei to no i mars, er alle helgane her unnagjort og fotballgruppa kan slå fast at det heile er avvikla på utmerka vis.   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 19.03.2014

Noko av det som har vore veldig populært under futsalhelgane i Stordalshallen, er også at arrangørane har vist storkampar på storskjermen i grendasalen. Ekstra stas var det sist søndag, når Liverpool nedsabla Manchester United på Old Trafford! Ikkje alle er like samde i akkurat det då, men populært med storskjerm har det iallefall vore.

I våre tidlegare reportasjar, kan ein lese meir om futsalserien og fylje lenker til Sunnmøre Fotballkrets si side, for endå meir. I desse reportasjane vert det også lenka til mange bildegalleri frå futsalarrangementa i Stordalshallen. Kanskje kjekt med eit lite tilbakeblikk?

Bilder frå sist helg finn ein dermed også der

Då står det berre att å takke både dei lokale arrangørane, Sunnmøre Fotballkrets og ikkje minst dei hundrevis av fotballspelarar som har vitja oss, også denne vinteren!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove