Fotograf: Hallgeir Hove
Frank Iversen, Adrian Nakken, Jarle Helgesen, Åge Staurset og Per Magne Øvrebust, deltok på møtet vedr lyd og lys ved Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: John Kristian Hjelle
Robin har hatt ein finger med i spelet i mykje dei siste åra. No satsar han og Åge også på eige lydstudio! fotograf John Kristian Hjelle
Fotograf: Åge Staurset
Musikkverkstaden framstår no særs innbydande og no vil m.a. Åge og Adrian bidra til at ein vil få eit nytt løft også her fotograf Åge Staurset
Fotograf: Hallgeir Hove
Stjerner i Stordal og med sjølvaste IDOL-Jenny på plass, seier det meste om det vi opplever for tida! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kyrkjehola Kulturbeite byr også på ei rad flotte arrangement og også her får lokale talent vere med. Her frå konserten til Helene Bøksle sist sommar fotograf Hallgeir Hove

Ny giv innan lyd og lys!

Den siste tida har det skjedd mykje positivt på "lydfronten" her i kommunen. Mange har mellom anna meldt seg til å bidra i høve til lyd- og lysutstyret ved Stordalshallen. Det ser ut til å vere ein heilt ny giv ved Stordal Musikkverksted og i tillegg vert det etablert eige lydstudio!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.06.2012

Det er ikkje til å legge skjul på at det verkeleg er kjekt å registrere alt det positive som skjer også på dette området.

Stordalshallen

Ikkje mindre enn 12 personar står no klare til å vere med og betjene og administrere lyd- og lysutstyret ved Stordalshallen. Det har vore investert i mykje utstyr dei siste 10 åra og no kjem det verkeleg også på plass ei stor gruppe med personar, som i fellesskap vil ta seg av dette.

Mange detaljar fell på plass nyleg, då mange av desse deltok på møte der nettopp lyd- og lyssituasjonen var tema. Det vart då mellom anna bestemt at Asle Olsen vert den i gruppa som skal fungere som ”bindeleddet” opp mot dagleg leiar/driftsstyre. I samband med arrangement der det er behov for lyd og lys, vert det no denne gruppa som vil bidra til å finne best mulig løysing og eventuelt også stille på som ”lyd- og lysmenn”. Fyljande personar har ”meldt seg til teneste” no: Asle Olsen, Per Magne Øvrebust, Frank Iversen, Jarle Helgesen, Riemo Eisma, Robin Aasen, Aage Staurset, John Helge Larsen, Robert Iversen, Adrian Hoff og Claus Hoff. Det er naturlegvis ein stor fordel at det er så mange som vil vere med, ikkje minst fordi det då vert lettare å fordele oppgåvene/oppdraga. Fleire av desse karane har alt vore i sving og det var dei, ved hjelp av utstyret ved Stordalshallen, som styrte lyden under kulturkvelden den 17. mai. (legge inn lenke til reportasjen her)


I tillegg til desse høyrer det med å nemne at Adrian Nakken, som også sit i driftsstyret, vil vere med og bidra her. Han har den siste tida også gått gjennom utstyret ved Stordalshallen og utarbeidd ein ”statusrapport”.

Den næraste tida framover vil denne gruppa sette seg nærare inn i bruken alt av utstyr ved Stordalshallen og det vert også naturleg at dei kjem med tilrådingar overfor driftsstyret, også i høve til kva som evt trengs av suppleringar. Etter planen vil både scene, trosserigg og lyd/lys verte rigga opp laurdag den 16. juni og dermed vil det vere høve for fleire å få øve der, framover mot Stordalscup, siste helga i juni. M.a. vil det då vere naturleg at dei som skal delta på songseminaret i høve Barnas Supersommar, før høve til å nytte denne.
Når vi først er inne på å gle oss over at det no er så mange som vil vere med for å få løfta ”lyd og lys til nye høgder” er det også kjekt å vite at det med det første også skal på plass tilbygg ved Stordalshallen, noko som vil medføre ytterlegare betra lagringsplass også for lyd- og lysutstyret vårt.

På møtet kom det også fram at ein ser det som ynskjeleg å få til eit nært samarbeid med skulen, då det å lære meir om korleis ein brukar slikt utstyr, klart kan vere noko elevane vil ha stor nytte av å lære seg. Det er også kjekt å registrere at dette med lydkurs også er sett opp som eit tilbod i høve Barnas Supersommar.

 
Stordal musikkverkstad


Vegg i vegg med Stordal Ungdomsklubb og Stordal frivilligsentral, ligg lokala til Stordal musikkverkstad. I samband med etableringa av frivilligsentralen, kom også nytt ingongsparti til musikkverkstaden på plass. Etter ein periode der det har vore litt liten aktivitet ved musikkverkstaden, ser dette no ut til å snu. I tillegg til dei som har vore med tidlegare, har no Adrian Hoff og Aage Staurset verkeleg engasjert seg i arbeidet med å skape ny giv og dette ser ut til å gi resultat. Dei har også oppretta ei eiga gruppe på facebook. Den finn du her: https://www.facebook.com/#!/groups/371333686267822/

Adrian og Åge er også dei som no skal stå bak bandseminaret i samband med Barnas Supersommar.

Lydstudio i Pedro-bygget

Robin Aasen og Åge Staurset er godt i gong med å etablere eige lydstudio og har utarbeidd søknad om næringsfondsmidlar til dette. Dei to har etterkvart lang erfaring med lyd og lys, m.a. både her i Stordal og ikkje minst frå Rokken i Volda. Nettopp lyd er også noko av det dei har satsa på av utdanning, etter vidaregåande skule. Vi kjenner sjølvsagt også dei to karane frå stordalsbandet Child´s Play. Det er liten tvil om at eit eige lydstudio i Stordal vil kunne bidra til at song og musikkreftene her vil få eit ytterlegare løft og dermed noko vi helsar velkomen med glede. Meir om dette også i det komande magasinet til Barnas kommune.

Åge og Robin tilbyr eige lydkurs i samband med Barnas Supersommar!


Lydutstyr også ved frivilligsentralen og nyskulen får amfi

Det staslege nybygget ved Stordal skule vil romme eigne amfi både inne og utandørs, noko som også opnar opp for nye muligheiter. I tillegg har det vist seg at også frivilligsentralen sitt flotte lokale også er godt eigna til konsert. Her har lydanlegg alt vore på plass ei tid og fleire konsertar avvikla.

Kvifor slikt løft no?

Det kan nok vere mange årsaker til at vi no opplever ei slik stor interesse for det som har med lyd og lys å gjere. Truleg har den ”oppblomstringa” av talent, vi har opplevd dei siste åra hatt mykje å seie. Ei oppramsing av dei alle her, ville bli særs omfattande og mest umogleg. Likevel er det freistande å trekkje ekstra fram søskenparet Kristina og Kristofer Olai R Stavseng, Maria H Tøsse og Jenny Langlo.

Det er elles ikkje lett å skulle gje ei enkel forklaring på kvifor så mange kjem etter. Det er likevel liten tvil i at både kulturskulen og barnekoret har medverka til at det er så mange som ”syner seg fram”. Det same må kunne seiast om dei mange flotte arrangementa, der nettopp song og musikk har ein sentral plass. Både Kyrkjehola Kulturbeite og dei mange fine konsertane i hornmusikk- og skulekorpsregi er gode dømer på dette. Vidare er det naturleg å trekkje fram arrangementet StordalsTRØKK og sjølvsagt lokalmønstringane av UKM, som har vore arrangert i årevis. Dei store oppsettingane til Stordal skule kvar jul, høyrer det også med å ta med her (samtlege elevar er då med, anten det er på scena, ved miksebordet, eller på annan måte). Dei siste åra har Maria H Tøsse stått bak flotte tilbod til unge songtalent her, i tillegg til at ho for lengst verkeleg har synt oss at det er mulig å lukkast på scena. Både gjennom å gå heilt til semifinalen av IDOL, deltaking under Landsfinalen av UKM, deltaking i Det Store Korslaget og mykje anna.

Likevel er truleg suksessen Jenny Langlo opplevde, som vinnar av IDOL 2011, og den eventyrlege ungdomsmusikalen We Will Rock You, kanskje dei aller viktigste årsakene til at interessa no ser ut til å toppe seg ytterlegare. Vi vil heller ikkje gløyme å peike på at vi også har gruppa Childs Play, som har gjort sine saker særs bra rundt omkring, både under Raumarock og på ei rad andre scener. Bak desse karane er det mange som ser ut til å kome etter. Truleg er det også endå meir som burde vore nemnt.

I fellesskap har vi altså i stor grad lukkast med å skape ei enorm interesse for dette med song og musikk. Vi har hatt eldsjelene som har bidratt til å få til det eine flotte arrangementet etter det andre, og dermed gjeve dei unge ei scene å syne seg fram på. Vi har hatt lærekreftene, lokalitetane og utstyret, som må til, og sist men ikkje minst har vi born og unge det verkeleg er grunn til å vere stolte av!

Slett ikkje noko dårleg utgangspunkt å bygge vidare på dette!

...og no ser vi fram til kulturskuleavsluting (i morgon), Kyrkjehola Kulturbeite, Barnas Supersommar (med m.a. bandseminar, songseminar og HIP HOP-kurs), Stordalscup (der vi får oppleve dei mange talenta på ny!) og mykje, mykje meir!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove