Fotograf: Hallgeir Hove
Dei fleste av deltakarane og instruktørane samla fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange dyktige instruktørar var med i løpet av helga. Her ser vi nokre av dei, frå venstre; Ragnhild Mowinckel, Erik Skaslien, Torstein Lianes, Erika H Tøsse og Lars Erik Vinje fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Draging av bil, ei heil runde på grusbana, ein av mange aktivitetane på laurdagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Vannski stod på programmet også denne gongen. Her er det Hedda Helland, som susar forbi sentrum fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Etter ei tøff økt med Stig Aambø i Stordalshallen, gjekk turen til Mosætra fotograf Hallgeir Hove

Ny innhaldsrik og flott kretssamling for alpinistane!

Stordal Alpin si barmarkssamling, der over 60 alpinistar frå heile Møre og Romsdal deltok, vart særs vellukka. Til liks med samlinga sist haust, inneheld den mange ulike aktivitetar og arrangørane hadde også denne gongen fått på plass eit instruktørkorps av ypperste merke!   

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.08.2012

Ei slik samling er sjølvsagt viktig og nyttig både sosialt og sportsleg og mykjer tyder på at Stordal Alpin har fått til eit konsept som fungerer særs godt. Ikkje minst er det avgjerande å ha gode instruktørkrefter på plass. I tillegg til dei mange dyktige eksterne instruktørane, hadde også arrangørklubben mange slike i sving. I tillegg stilte dei mange foreldra opp og bidrog til ei prikkfri gjennomføring av samlinga. Det er slik sett særs kjekt å ta eit tilbakeblikk på noko av det helga inneheldt. 

Fredagen

Etter at alle var innkvartert ved Stordalshallen, var det tid for den sokalla "Ironman-testen". I tillegg til 3 000 meter, stille lengde og hexagon obstacle på Kirkebø stadion, var det også testing av styrke inne i hallen.

Etter at det harde testprogrammet var ferdig, smaka det godt med taco i grendasalen. Når måltidet var over, var det tid for å rusle seg ein tur til sentrum, eller få med seg filmframsyning i grendasalen, for den som ville det. Når rosignalet gjekk, var det nok mange som sovna ganske så kjapt. 

Laurdagen

Før hovudaktivitetane starta opp, tok Erik H Tøsse utøvarane med på ei oppvarmingsøkt langsmed Stordalselva. Deltakarane var inndelt i fem grupper etter alder og frå tidleg morgon til utpå ettermiddagen, var kvar av desse innom fem ulike stasjonar. I Stordalshallen var det instruksjon i klatreveggen, der alpingruppa også hadde fått med seg instruktørar frå klatreklubben i Stordal, i tillegg til sine eigne. 

Til å ta hand om instruksjonen på konkurransetrampolina var Lars Erik Vinje på plass. Han er vel skulert innan trampoline og har tidlegare også teke NM-medalje i idretten.

Medaljar har det også blitt på dei to som hadde hovudansvaret på team-track´n. Dobbelt verdsmeister Ragnhild Mowinckel og Erika H Tøsse køyrde eit variert og flott opplegg, der det både var fokus på turn og elles øvingar relatert til alpint. Liten tvil i at det var ekstra stas at Ragnhild var på plass! 

På stadion køyrde Erik Skaslien også eit opplegg, der overføringsverdien til det som skal skje i skiløypene, er stor. I tillegg til å få trent spenst, fekk løparane ytterlegare fokus på dette med riktig possisjon og ikkje minst stilte øvingane krav til koordinasjon. 

Ole H Busengdal og Olav Grønningsæter hadde sett saman ei rad ulike aktivitetar, der mange av dei var heilt nye for alle. Det starta med gruppevise konkurransar, som inneheldt alt frå blåsing av ballong til den sprakk, styrtdrikking av flaske med vatn, saging av tømmerstokkar, frisbee, kameratbering, balanseøving a la "Mestrenes mester" og trillebårekøyring med makker. Etter ein kort drikkepause, gjekk ein så vidare til draging av varebil rundt heile grusbana! Når også dette var lagt opp som konkurranse, er det ikkje vanskeleg å skjøne at alpinistane var slitne når bilen passerte målstreken! Sjølv om dei på den yngste gruppa var saman om å drage bilen rundt, var det tydeleg at dei både var overraska og imponerte over seg sjølve. Tenk at dei hadde klart å drage ein så stor bil rundt heile grusbana! Nokre øvingar som gjekk på generell styrke, høyrde også med på denne stasjonen.

Til liks med samlinga sist haust kunne også arrangørane denne gongen tilby vannski-køyring. Alpinforeldre frå eigen klubb stilte med båtar og med Torstein Lianes på plass, som instruktør, vart også dette særs vellukka. Med to båtar kontinuerleg i sving, heile dagen, fekk ein gjennomført slik at alle fekk prøve seg. Torstein (som elles sykla både frå og til Ålesund, denne dagen!) tilbrakte mykje tid ute i (det kalde) vatnet for å hjelpe dei yngste og dei minst erfarne i gong og igjen fekk han vist kor godt lag han har med utøvarane. Også far til Torstein, Stein Lianes, var på plass laurdagen for å vise korleis ein skal preppe og smørje ski. Kven som kom først heim til Ålesund av dei to er uvisst. Om Stein (med bil) vart først, var det nok ikkje lenge etter at Torstein dukka opp.

Kvar av dei fem øktene/stasjonane varte i 75 minutt og i pausane kunne deltakarane forsyne seg med frisk frukt og drikke. Ein lunsjpause med måltid i grendasalen var innlagt midt på dagen.

Når kvelden kom og klokka var blitt seks, var både grillsjefane og dei på kjøkkenet klare med eit nytt velsmakande måltid. No var det grilla laks, grillkotelettar og grilla pølser ein kunne velje mellom og det var lite å utsetje på matlysta!

Denne kvelden var det nok endå fleire som følte for å legge seg nedpå og berre ladde batteria etter ein lang dag fullspekka med aktivitet, men nokre valgte å få med seg filmframsyning på storskjermen i grendasalen.

Søndagen

Det var Stig Aambø, administrasjonssjef i skikretsen, som hadde opplegget frå morgonen av og første delen av økta i idrettshallen var også dei yngste med på. Aambø køyrde eit opplegg etter "følg meg - metoden", der han då viste stadig nye bevegelsesmønster som utøvarane skulle prøve seg på. Her var det mykje å fange opp for dei som såg på og utøvarane hadde si "fulle hyre" med å få til det Aambø viste, etterkvart som vanskegraden auka. Etter at første del av denne økta var unnagjort "tjuvstarta" dei yngste på fjellturen som stod på programmet denne avslutningsdagen. I og med at det var såpass mykje tåke oppe i fjellet, vart den planlagte turen til Overøyestolen avlyst. Turen gjekk i staden til Mosætra og i og med "tjuvstarten" til dei yngste, var alle deltakarane på plass så å seie samtidig oppe på den vakre sætra. Raskast opp av dei eldste utøvarane, var Ole Kristian Aarseth. Han brukte kun 24 minutt opp! Ikkje verst det, med tanke på det han hadde vore gjennom, fredagen og laurdagen og ikkje minst den relativt tøffe økta med Aambø rett før.

Vel nede ved Stordalshallen att, vanka det nytt godt måltid på deltakarane, før leiaren i Stordal Alpin, Ole H Busengdal nytta høve til å takke alle saman for eksemplarisk oppførsel og flott innsats i løpet av helga. Etter at han hadde ynskt alle saman vel heim, vart han møtt med applaus. Også tilbakemeldingane vi har fått med oss, tyder på at både deltakarar og andre som var innom samlinga i løpet av helga, var godt fornøgde.

Vi vil med det aller første kunne presentere ei rad bilder frå den flotte samlinga. Desse bilda vil du då finne i Stordalshallen sitt bildegalleri frå 2012.  

Sjå gjerne også førehandsreportasjen vår, der ein også finn lenke til reportasje frå den vellukka samlinga her, sist haust.

Gratulerer med vel gjennomført kretssamling og lukke til i løypene, alle saman!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove