Fotograf: Bjørg Jacobsen
Soft-hockey fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Stig Falling instruerer ein av deltakarane. Også på skytebana imponerte dei fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Å klatre til topps i veggen var inga sak! fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Ein av mange gruppeaktivitetar under aktivitetskvelden fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Toini Kvamme
Utdeling av velfortente diplomar til både deltakarar og instruktørar fotograf Toini Kvamme

Ny, kjekk aktivitetskveld i regi av God Helse Stordal og Stordal Alpin

Torsdag 21. november var det lagt opp til aktivitetskveld i Stordalshallen og deltakarane kom frå kommunane Stranda, Norddal, Ørskog og Stordal. Dette var femte gongen dette populære arrangementet gjekk av stabelen og som vanleg var det veldig gjevande og kjekt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.12.2013

Det er God Helse Stordal, som står bak tiltaket og i løpet av desse åra har ein fått god hjelp av Stordal Alpin, som stiller på med mange dyktige instruktørar. På skytebana stilte, i tillegg, Lars Johan Nygård og Stig Falling frå skyttarlaget opp.

Det var 17 deltakarar med denne gongen og det var lagt opp til m.a. klatring, skyting, team-track, presisjonskast, minigolf, soft-hockey, bordtennis og anna kjekt.

Som tidlegare år, var det lagt opp til utdeling av diplomar og pizzaservering i grendasalen, etter at den omlag 1,5 timar lange økta i idrettshallen var ferdig. Sjølvsagt også etterfulgt av disko.

Etter tilbakemeldingane å dømme, både frå deltakarar og instruktørar, er desse aktivitetskveldane verkeleg stas å få vere med på.

Stor takk også til Sparebanken Møre som var kjapt ute med å støtte opp om arrangementet med kr 5.000,-, når det skulle vise seg at ein denne gongen fekk avslag på søknaden til God Helse, Møre og Romsdal.

Her kan du sjå reportasjane frå alle dei tidlegare aktivitetskveldane! Stas!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove