Fotograf: Bjørg Jacobsen
Alle deltakarane fekk velfortent diplom for innsatsen på aktivitetskvelden fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Lars Johan Nygård kunne slå fast at det vart synt mykje god skyting fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Team-track´n er alltid like populær fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Softhockey er også kjekt fotograf Bjørg Jacobsen
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Pizza´n frå Nilsgardstunet smakte som vanleg fortreffeleg fotograf Bjørg Jacobsen

Ny kjekk aktivitetskveld!

Det har etterkvart blitt ein tradisjon at God Helse Stordal inviterer til aktivitetskveld i Stordalshallen. Torsdag den 22. november gjekk den fjerde utgåva av dette populære arrangementet av stabelen. Deltakinga var som vanleg god og også denne gongen stilte Stordal Alpin opp med mange dyktige instruktørar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.12.2012

Det er God Helse Stordal, i samarbeid med Stordal Alpin, som står bak desse aktivitetskveldane og det er liten tvil i at det er populært å vere med. Nytt denne gongen, var det også at dei som hadde lyst til det også fekk teste ut ferdigheitene sine på skytenbana. Både Harry Tøsse og Lars Johan Nygård frå skyttarlaget var på plass og dei kunne konstatere at det var fleire talent blant den kjekke gjengen.

I idrettshallen var det lagt til rette for ei rad ulike aktivitetar, der altså Stordal Alpin som vanleg stilte med instruktørar. Dermed fekk deltakarane testa ut både klatreveggen, team-track´n og mykje anna. Minigolf høyrer sjølvsagt også med på desse kveldane og dei som var med på soft-hockey likte også dette veldig godt.

Etter at økta i idrettshallen og på skytebana var ferdig, var det tid for pizza og dans i grendasalen. Her var Robert Iversen klar med fengande dansemusikk frå anlegget. Som seg hør og bør var det sjølvsagt også høgtidleg utdelinga av velfortente diplomar til alle deltakarane.

Til liks med tidlegare, kan ein med rette hevde at dette vart ein særs kjekk kveld, både for dei nærare 10 instruktørane frå Stordal Alpin og dei mange deltakarane.

Sjå gjerne også reportasjar frå tidlegare vellukka aktivitetskveldar.

Aktivitetskvelden i 2009

Aktivitetskvelden i 2010

Aktivitetskvelden i 2011


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove