Ny kulturkalender klar!

No kan vi presentere ei oversikt over mykje av det som skal skje av arrangement, fram til og med juni månad. Oversikta syner at det også i denne perioden er mykje flott å få med seg og i tillegg vil endå fleire arrangement kome til etterkvart.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.04.2014
Fotograf: Hallgeir Hove
Helselagsbasar (nr 101 i rekkja!!), vert som vanleg arrangert første fredagen etter påske! fotograf Hallgeir Hove

Nok ein gong har vi gleda av å presentere ein kulturkalender, som viser ein heil del av den store aktiviteten i kommunen vår. I tillegg veit vi at alle dei faste aktivitetane frå veke til veke, ikkje er med i denne oversikta.

Det er også mykje som vil kome til etterkvart, m.a. alt det som ligg til Barnas Supersommar og Kyrkjehola Kulturbeite.

Vidare er fotballaktivitetane i full gong på Kirkebø stadion, med mange treningar og kampar kvar einaste kveld. Det ville vere mest umulig å ta med alle kampane som skal foregå der, i ein slik kulturkalender, så her må kvar og ein halde seg oppdatert ved hjelp av banedagboka som fotballgruppa set opp.

Oppmodinga går igjen ut til alle dei aldersbestemte laga i høve til å unngå å legge treningar og kampar til tysdagskveldane, då dette er den einaste øvingstida for skulekorpset vårt kvar veke.  

Sjå kulturkalenderen for april til og med juni 2014, som eigen pdf, nedst på sida!

Om det er arrangement som bør med i oversikta, er det supert å få tips om dette. I tillegg vil det nok kome fleire førehandsreportasjar om arrangementa etterkvart.

Minner også om dei mange flotte nettsidene og facebooksidene som lag og organisasjonar i Stordal kommune har fått på plass! Det kan vere lurt å fylje med der!

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove