Julie Olsen Almås
Laurdag 28. februar kan du få med deg Julie Olsen Almås i aksjon på heimebane, når Stordalsrennet i Super G går av stabelen
Fotograf: Storfjordnytt
Laurdag 21. februar er Nejaføringane (bilde frå 2008) klare med Årsfest for Stordalshallen fotograf Storfjordnytt
Ordførar Charles Tøsse - topptur til Dyrdalstinden
Laurdag den 21. februar kan du også vere med ordføraren til topps på Auskjeret! (på bildet her, var det Dyrdalstinden turen gjekk til)
Fotograf: Hallgeir Hove
Vi kan også sjå fram til to nye kjekke helgar med futsal i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Søndag 15. februar er det klart for lokalmønstring av UKM (bildet er frå mønstringa i 2014) fotograf Hallgeir Hove

Ny kulturkalender!

Endeleg er ein ny kulturkalender på plass og som vanleg inneheld denne ei rad flotte og spanande arrangement. Kalenderen vi presenterer no, strekkjer seg fram til og med mars månad.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 28.01.2015

Både når vi ser attende, og når vi rettar blikket framover, kan vi konstatere at det er eit imponerande kulturliv i kommunen vår.

Kulturkalender nr 1 2015 tek føre seg månadane januar, februar og mars og du finn denne som pdf, nedst på sida her.

Vi har nyleg også presentert ei samla oversikt over mykje av det som skjer av faste aktivitetar. Den finn de i reportasjen; Dei nye treningstidene er klare! 

I den perioden vi no er inne i, er det sjølvsagt også full rulle i dei mange flotte skianlegga våre. Då tenkjer vi både på Stavsengfjellet Skisenter (langrenn), Fjellbakken (hopp) og Arena Overøye (alpint). I tillegg nemner vi naturlegvis også Overøye-Langsæterområdet, der Stordal Fjellservice er klare til å legge flotte skiløyper, så snart det kjem nokre små centimeter med snø.

Du vil også finne mykje meir info om det som skjer av arrangement i Øvre Stordal på eiga nyoppretta heimeside. Sjå også oversikta over endå fleire flotte heimesider i kommunen vår.   

For meir om mykje av det som skal skje framover, kan det vere lurt å halde seg oppdatert på nettsida vår, under fana; KULTUR

Det kjem også stadig nye og flotte heimesider på plass og mykje informasjon finn ein også på sosiale media som t.d. facebook. Nedanfor ser ein dei som er oppretta i kommunal regi:

STORDALSHALLEN

STORDAL FRIVILLIGSENTRAL

STORDAL BIBLIOTEK

BARNAS KOMMUNE

Det er med andre ord mykje kjekt å sjå fram til også i den perioden vi har starta på no og igjen berre å "ta av seg hatten" for alt det ein i fellesskap klarer få til i den lille kommunen vår!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove