Ny rekord, nok ein gong!

Helselagsbasar 2017 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2017 Hallgeir Hove

Stordal Helselag melder at bruttoinntekta på årets helselagsbasar, arrangert i Stordalshallen sist fredag, var på heile kr 90.630,-. Dermed har laget sett nok ein imponerande rekord og takkar sjølvsagt i alle retningar for den eineståande støtta, ikkje minst frå næringslivet! Det er vel også noko som heiter "å gå mann av huse", og det er nettopp det som skjer m.a., når helselaget inviterer til basar.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.04.2017

Helselagsbasar 2017 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2017 Hallgeir Hove Helselagsbasar 2017 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2017 Hallgeir Hove Helselagsbasar 2017 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2017 Hallgeir Hove Helselagsbasar 2017 - Klikk for stort bildeHelselagsbasar 2017 Hallgeir Hove

Første fredag etter påske er det berre ein ting som gjeld, og det er helselagsbasar. Det var sett ut minst 250 stolar denne gongen og då trudde ein at det skulle halde, men trur du ikkje at det vart behov for endå fleire då! Dette er ganske enkelt imponerande eit tal som tilsvararar nærare 25% av befolkninga det.

Elles handlar helselagsbasaren om ei enorm oppslutning frå private, som stiller opp med gevinstar og elles opp- og nedrigging. Denne gongen var det 10. klasse som hadde teke på seg å hjelpe ekstra til og dette vart også utført på utmerka vis. Ikkje minst er det imponerande å registrere den enorme støtta også frå næringslivet og det var litt av nokre gevinstar arrangørane kunne skilte med!

Like sikkert som at det er helselagsbasar, så er Stordal Hornmusikklag på plass og spelar for oss. Innimellom alt dette, er det også tid til å få i seg både litt vått og litt tørt og ikkje minst ein triveleg prat. Helselagsbasarane i Stordal, er det nok mange som kan misunne oss. Dette er berre stas, frå ende til annen.

Meir om helselagsbasaren 2017, på arrangørane si facebookhending

Sjå gjerne vår førehandsreportasje for mykje meir om helselagsbasarane, om 100 årsjubiléet til Stordal Helselag, med meir

Eige galleri med 24 bilder frå rekordbasaren finn de på Stordalshallen si facebookside

Vi gratulerer arrangørane med den strålande rekorden og gler oss sjølvsagt også over at dette er pengar som vil vere med å bidra til viktig og godt arbeid for å fremje folkehelsa framover.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove