Ny, spennende samarbeidspartnar på plass!

H. Sund AS - reklameskilt - Klikk for stort bildeH. Sund AS - reklameskilt

Det er no på tide å presentere ein av våre nye samarbeidspartnarar, nemleg H. Sund AS. For oss lokalkjende seier det oss det meste, når vi vert kjend med at H-en står for Hermod. Sjølv om H. Sund AS har adresse Trælnes i Brønnøy kommune (med Brønnøysund som kommunesenter), er verksemda no klar for å kome med på vinnarlaget vårt. Dette dels fordi dei ikkje har noko vanskar med å levere produkta hit til Sunnmørsregionen - som dei ser på som eit særs interessant nedslagsfelt - og dels fordi verksemda vurderer å starte opp ein viss produksjon, også her i Stordal.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.08.2017

H. Sund AS - gapahuken er full av spanande detaljar. Her er det Ole M Øvrebust (t.v.) som har besøkt Hermod sin stand under Langsæterdagane 2016  - Klikk for stort bildeH. Sund AS - gapahuken er full av spanande detaljar. Her er det Ole M Øvrebust (t.v.) som har besøkt Hermod sin stand under Langsæterdagane 2016 Hallgeir Hove H. Sund AS - dette er berre ei av mange løysingar når det gjeld bord og benkar - Klikk for stort bildeH. Sund AS - dette er berre ei av mange løysingar når det gjeld bord og benkar H. Sund AS H. Sund AS har også eit rikt utval av møblar. Her ser vil litt av møbelutstillinga - Klikk for stort bildeH. Sund AS har også eit rikt utval av møblar. Her ser vil litt av møbelutstillinga H. Sund AS H. Sund AS - verksemda har adresse Trælens, i Sømna kommune - Klikk for stort bildeH. Sund AS - verksemda har adresse Trælens, i Sømna kommune H. Sund AS

Mange har nok alt lagt merke til desse gapahukane som H. Sund AS produserer. Då tenkjer vi ikkje minst på dei geniale løysingane og dei mange små detaljane som bidreg til at bruksområdet vert så stort. Korleis kan vi ha lagt merke til dette, lurer de kanskje på? Jau, saka er nemleg den at H. Sund AS har hatt stand her, både i samband med Stordalscup 2016 og under Langsæterdagane sist haust. I tillegg har H. Sund AS ei flott facebookside, der ein kan sjå mange bilder av gapahuken. Der vil ein i tilllegg også sjå at verksemda har spesialisert seg på bord og benkar og då både til bruk såvel innandørs som utandørs. Noko av det fine med H. Sund AS, er også at dei skreddarsyr tilbodet, alt etter kva behov ein måtte ha.

I tillegg til dette, utfører også H. Sund AS snekkertenester, dei har salg av møblar og møbelstoff og i tillegg er H. Sund AS også eit møbel- og trevareverksted.

Snekkermester Hermod Sund er sjølvsagt også tilslutta Mesterforbundet og verksemda H. Sund AS vart etablert i 1982.

Som mange kjenner til, så har Hermod eit ekstra nært forhold til Stordal, i og med at kona Marit kjem herifrå og her har han også barn og barnebarn. Dette gjer at det er naturleg for dei å bu her delar av året i eigen fritidsbolig.

Vi føler oss viss på at de ikkje kjem til å angre på å ta kontakt med Hermod, om du treng hjelp til noko, evt at du er på utkikk etter bord og benkar, gapahuk, eller noko av alt det andre verksemda produserer. Her får du det nemleg slik du vil ha det!

 

Ta ein kikk innom facebooksida til H. Sund AS og bli frista!

 

Vi synest det er stor stas å få H. Sund AS med på vinnarlagert vårt og ynskjer verksemda hjerteleg velkomen med!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove