Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane har entra scene og mottek trampeklapp frå salen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Karita og Mathias gjorde flott jobb, som programleiarar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ann Karin, Marianne og Mats Rune tok hand om den viktige jobben i juryen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Andreas og Remy stod for flott dans, kombinert med luftige og akrobatiske hopp på teamtrack´n fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lasse Døving, assistert av foreldrekontakt Roger Alne, hadde full kontroll på lyd og lys! fotograf Hallgeir Hove

Ny strålande kulturmønstring!

Samtlege involverte i lokalmønstringa av UKM, som gjekk av stabelen søndag den 21. februar, kan vere skikkeleg stolte av seg sjølve! Dette vart eit arrangement fullt på høgde med tidlegare lokalmønstringar her i Stordal, og det seier ikkje så reint lite!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.02.2016

Det var også i år avgangsklassa ved Stordal skule, som stod som arrangør og med god hjelp også av foreldra sine, vart dette skikkeleg vellukka. Både elevane og dei vaksne stilte på både i samband med førebuingar, lang tid i førevegen, og sjølvsagt også i samband med sjølve gjennomføringa. På fredagen før mønstringa samarbeidde foreldre og elevar frå 10. klasse med arrangørane av Årsfesten, slik at m.a. flott scene og rigg kom på plass. I tillegg til alt det flotte frå scena og elles, hadde arrangørane også eit kakebord dei fleste burde misunne oss!

Lyd og lys
Det er verkeleg også på sin plass å gje ros til lydmann Lasse Døving. Han gjorde framifrå jobb både i samband med lokalmønstringa og den påfyljande Årsfesten (meir om det i eigen reportasje) Som assistent fekk han god hjelp av Roger Alne. Roger og Nina Hauglid er også foreldrekontakter for 10. klasse og skal ha skryt for det arbeidet dei la ned i høve arrangementet.

Jury
Vi nyttar også høve til å takke medlemmane i juryen for innsatsen sin. Nettopp arbeidet til juryen er ein viktig del av lokalmønstringane, ikkje minst fordi dei gir kvar og ein ei tilbakemelding på innsatsen sin. Dei som utgjorde juryen denne gongen var: Marianne Ravn Stavseng, Ann Karin Rudi og Mats Rune Larsen. Meir om arbeidet til juryen i eigen reportasje om uttaket til fylkesmønstringa

Deltakarane
Sist, men ikkje minst, er det på sin plass å gratulere alle deltakarane både på scena og på kunstutstillinga. De har verkeleg grunn til å vere stolte over eigen innsats! Det same må seiast om dei to programleiarane, Karita Tronstad og Mathias Hauglid Tafjord, som losa oss gjennom kvelden på utmerka vis.

Det er, som vanleg, grunn til å legge merke til at lokalmønstringa i Stordal har ei deltaking langt over det "normale" og trass i at mange kommunar rundt om merkar ein markant nedgang i deltakinga, er dette langt frå tilfelle her hjå oss! Stas var det også å få oppleve flott dans frå scena og stilig akrobatikk på teamtrack´n denne kvelden, noko som også bidrog til at variasjonen vart god.

I det flotte programmet til lokalmønstringa vert alle innslaga presentert. Sjå dette som eiga fil nedst i førehandsreportasjen vår (der kan du m.a. lese meir om den gode oppslutning på lokalmønstringane i Stordal kommune)

Gåvepremiar
Det høyrer så absolutt med å trekkje fram den store velviljen lokalt næringsliv viser, i høve til å bidra med gevinstar og gåver. Samtlege deltakarar fekk eit heilt plastnett med produkt frå COOP Marked og i tillegg var det ei enorm mengde med gevinstar som fekk seg fornøgde eigarar i samband med trekkinga av lotteriet.

Publikum
Vi må også få rette ei stor takk til dei mange som stiller opp og vil ha med seg lokalmønstringane i Stordalshallen, kvart år. Utan nettopp dykk, ville dette ha blitt stusselege greier. For alle dei som brukar veldig mykje tid på å få til flotte kulturarrangement, er det alfa og omega at publikum stiller opp. At stordalingane gjer nettopp det, er det ingen tvil om!

Stor takk til dykk alle saman!

Stor takk også til Storfjordnytt, som lagar så mange flotte reportasjar og i tillegg deler mange av desse med oss! Slik som m.a. denne frå nettopp lokalmønstringa søndag den 21. februar

For nærare 40 bilder til frå den flotte kvelden, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove