Fotograf: Hallgeir Hove
Dyktige aspirantar i aksjon fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Hornmusikklag under leiing av Nick Ost fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Amalie Jacobsen Dyrkorn var flink som programleiar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stilige aspirantar dansa til både Gangnam Style og The Fox fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jenny Marita Sørås imponerte oss nok ein gong frå scena fotograf Hallgeir Hove

Ny strålande vårkonsert!

Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag sin vårkonsert søndag 27. april, var imponerande saker. Unge, så vel som vaksne, imponerte stort frå scena og lyd og lyssettinga var også med på å gjere det heile ekstra flott.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.04.2014

Når vi skal skildre det korpsa våre leverer for tida, er det lett for at det blir det å gjenta seg sjølv, men uansett; Konserten vi fekk vere med på sist søndag var berre fantastisk flott og det er ikkje til å legge skjul på at musikantane verkeleg leverer varene! Dirigent, Nick Ost, er nok ein kar som stiller høge krav til både store og små, men at dette har gitt resultat er det ingen som helst tvil om.

Første del av konserten var det Stordal Skulekorps som stod for og vi fekk heile sju flotte låtar, som vart framført på glimrande vis. Innimellom desse fekk vi også oppleve dei mange lovande aspirantane i aksjon på scena. Det er kjekt å sjå kor god tilveksten er for tida. Aspirantane gav oss også stilig danseoppvisning til både "Gangnam Style" og "The Fox". Kjempeflott!

Etter ein pause, der publikum kunne kose seg med allskens godkaker, var det så klart for Stordal Hornmusikklag. På programmet var det heile 9 låter, m.a. henta frå kjende filmar som Pirates of the Caribbean, James Bond og Mission Impossible.

Dyktig programleiar var Amalie Jacobsen Dyrkorn og Jenny Marita Sørås imponerte oss enno ein gong, som songsolist på låta "Skyfall." Hornmusikklaget slapp ikkje unna før dei måtte spele ekstranummer og kva var då meir naturleg enn at vi fekk høyre Jenny ein gong til?

Responsen frå publikum var som nemnt særs god, men det er ikkje til å legge skjul på at det gjerne kunne ha vore endå fleire til stades denne kvelden, der det fine sommarveret truleg må ta noko av skulda. Det er iallefall heilt klart at dei som ikkje kom, gjekk glipp av ein strålande flott konsert! 

Det var Jan Roger Hauge som styrte med lyden, medan Roger Alne tok hand om lyssettinga, noko dei utførte på utmerka måte. Verkeleg stilig var det!

For fleire bilder frå konserten, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

For meir om Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag, sjå førehandsreportasjen vår

Sjå også fine reportasjar frå konserten i dagens utgåve av både Storfjordnytt og Bygdebladet!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove