Ny super futsalhelg i Stordalshallen

Den nye futsalserien til Sunnmøre Fotballkrets har verkeleg blitt ein suksess. Sist helg var det klart for den andre turneringa av dette slaget i Stordalshallen og dei lokale arrangørane hjå fotballgruppa i Stordal IL, kan sjå attende på eit nytt supert arrangement.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.01.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal sitt G 10 lag var i aksjon igjen på heimebane. Her saman med Sykkylven sitt lag under turneringa i desember fotograf Hallgeir Hove

Det var lag i klasse G 10 som var i aksjon heile laurdagen, der også Stordal sine dugande gutar var med. På søndagen var det først ei ny pulje med G 10, før jenter i klasse 10 år tok over ute på parketten. Det vert meldt om mykje flott spel og publikum let seg imponere over både dei tekniske ferdigheitene og nivået elles. Og ikkje minst; det såg ut til at alle hadde det rett så kjekt!

Til liks med turneringa i desember (sjå gjerne reportasjen), var det om lag 200 spelarar på plass, fordelt på heile 24 lag og sjølvsagt mykje publikum som ville få med seg det heile. I grendasalen var det laga til kafe og lydanlegg i idrettshallen sytte for ekstra stor stemning kvar gong ballen gjekk i mål.

Neste futsal-arrangement i Stordalshallen vert første helga i februar. Då skal på ny også Stordal sine lag i klasse J 10 og J 11, i aksjon att. Det er berre å gle seg!  

Heile oppsettet til Sunnmøre Fotballkrets finn du her.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove