Nok ei suveren kulturskuleavslutning er vel i hamn og det er alltid like kjekt å få vere med på desse. Kulturskulerektor, Bjørnar Midtbust, losa ein fullsett grendasal fint gjennom ei om lag to timar lang forestilling. På scena fekk vi oppleve dei aller fleste av dei over 50 born og unge som går på kulturskulen.
Dyktige lærekrefter og dyktig lydmann i Jan Roger Hauge. Ein Mass Peter Jelle, som sprang rundt og ordna med alt på scena og i tillegg akkompagnerte på fleire av innslaga! Sist, men ikkje minst; suverene born og unge på scena! Ja, vi tek gjerne også med litt ros til publikum og. Som vanleg fullsett grendasal og vel fortjent applaus til alle som deltok.
Sjå eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside, for mange fleire bilder frå den kjekke kvelden.
Om du ynskjer eit tilbakeblikk på flotte kulturskuleavslutningar tidlegare år, finn du lenker i vår førehandsreportasje.