Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane haustar velfortent applaus til slutt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Endgame, med m.a. Joakim Helgesen (vokal) eitt av mange flotte innslag fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kine og Katrine deler ut blomster til dei som sat i juryen, samt dei som styrte lyd og lys fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Flotte premiar til deltakarane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Over 200 på plass! fotograf Hallgeir Hove

Ny super lokalmønstring!

Lokalmønstringa av UKM i Stordalshallen søndag kveld, stadfesta på ny at vi har mange talentfulle unge. Både det vi fekk oppleve frå scena og det som var med av kunst, var veldig flott. Når det i tillegg er dei unge sjølve som langt på veg står bak heile arrangementet, vert dette stadfesta ytterlegare.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 18.02.2013

Totalt fekk vi oppleve ti flotte innslag frå scena, det var fem stilfulle teikningar/bilder og i tillegg dei to dugande programleiarane frå 10. klasse, Kine Kvammen Tøsse og Katrine Nakken. Dei to sistnemnte var påmeldt i kategorien konferansier. 

SCENEINNSLAGA:

Amalie Jacobsen Dyrkorn med Jar of Hearts

Hanna Sørås med Somwhere beautiful

Lucas Detlefsen med Halleluja

Andrea Falch med Grenadesaman med Amalie J Dyrkorn

Mathilde Vinje Øvrebust med Forget, akk. av Julie O Almås (gitar) Mass P Jelle (piano)

Jenny Marita Sørås med All by myself

Sarukesi Vasanthavasan med Safe and sound

Amalie Ekroll Hove med Mercy

Endgame (Joakim Helgesen, Elias Indreeide, Andreas Nærø og Håvard Eliassen) med Unnatural Selection og Hysteria   

KUNST:   

Max Detlefsen med teikninga "Stordal skule"

Amalie J Dyrkorn med bildet "Without ice cream, life and fame are meaningless"

Emilie Sylte Hove med bildet "Dropen"

Katrine Nakken med bildet "Tidens tann"

Eirin Renate Reite Wiik med teikninga "Justin Bieber"

Sjå eige bildegalleri frå lokalmønstringa på Stordalshallen si facebookside. Der er m.a. alle deltakarane presenterte.

Sjå også flotte bilder tekne av Atle Hole, på nettsida til Sunnmørsposten!

Det var som nemnt imponerande det vi fekk vere med på. Mange av dei som var med, har vi hatt gleda av å oppleve også tidlegare. At dei er særs talentfulle og i stadig utvikling er utvilsamt. I tillegg hadde vi gleda av å stifte bekjentskap med ytterlegare nye talent denne gongen og flinke var dei, alle saman!

Flott levert at 10. klassingane!

Sjølvsagt er det slik at elevane i 10. klasse har hatt god hjelp og støtte frå foreldra, med Elin Amdam i spissen, men uansett er dette eit prosjekt som krev lang tids planlegging og det er også ein heil del som skal på plass i samband med mønstringa. Ikkje minst er det tidkrevjande å gjere om idrettshallen til ein så flott konsertsal, som dette.

Unikt kakebord, uttrekking av gevinstar på innongsbillettane og sjølvsagt ein heil pose med forskjellig kjekt oppi, til alle deltakarane, var på plass. Sjølvsagt vanka det også velfortente blomster til dei som utgjorde juryen og dei med ansvaret for lyd og lys.

Stordalshallen Lyd og Lys stilte velvillig opp og bidrog til at alle deltakarane fekk framifrå forhold til å framføre sine innslag. Det var Jarle Helgesen som hadde ansvaret for lyden og med seg til å styre lyssettinga hadde han Robert Iversen. Godt jobba!

Juryen var på plass alt kl 17.00 og dei hadde nok ingen enkel jobb, når dei skulle sette opp si prioriterte liste. Med så mykje flott presentert kan vi truleg konkludere med at dei hadde fortjent å gå vidare, alle som ein. Vi kjem attende med presentasjonen av dei som får høve til å representere Stordal kommune under Fylkesmønstringa om litt.

Med dette står det att å gratulere både deltakarar, arrangør og dei andre som var med og bidrog til den flotte lokalmønstringa!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove