Ny suveren futsalhelg i Stordalshallen!

Futsal Stordalshallen des 2016 - Skodje og Aksla klasse J 13 - Klikk for stort bildeFutsal Stordalshallen des 2016 - Skodje og Aksla klasse J 13 Hallgeir Hove Fotballgruppa i Stordal IL har all grunn til å vere fornøgde med gjennomføringa av futsalhelga i Stordalshallen. Det vart spela kampar i eitt sett, både laudag og søndag og det såg ut til at alle, både på og utanfor parketten, hadde det rett så bra. Mykje bra spel, flotte scoringar og supre redningar fekk vi sjå.

 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.12.2016

Futsal Stordalshallen des 2016 - Klikk for stort bildeFutsal Stordalshallen des 2016 Hallgeir Hove Futsal Stordalshallen des 2016 Ange Danelle frå Skodje prøver å overliste Guro i stordalsmålet i klasse J 16 - Klikk for stort bildeFutsal Stordalshallen des 2016 Ange Danelle frå Skodje prøver å overliste Guro i stordalsmålet i klasse J 16 Arnstein Arnes Futsal Stordalshallen des 2016 - Ørsta sine jenter scora mange mål på søndag - Klikk for stort bildeFutsal Stordalshallen des 2016 - Ørsta sine jenter scora mange mål på søndag Hallgeir Hove Futsal Stordalshallen des 2016 - Ikkje noko å seie på engasjementet til Arnt Vidar og dei andre frå Langevåg IL - Klikk for stort bildeFutsal Stordalshallen des 2016 - Ikkje noko å seie på engasjementet til Arnt Vidar og dei andre frå Langevåg IL Hallgeir Hove Som tidlegare var det laga til kafe i grendasalen, der ein også kunne få med seg både Ronaldinho, Messi og co på storskjermen. Innimellom var det også vinteridrett live der. Vinteridrett var det og på flatskjermen i foajeen.

Gjengen i sekretariatet sytte for god speakerteneste, spela musikk innimellom kampane og etter kvar scoring og held elles kontroll på kampavviklinga. I tillegg til å ha det overordna ansvaret for gjennomføringa og planlegginga i forkant, sytte Øystein Lied Lunde for å oppdatere resultata - både i FIKS og andre stadar - frå start til mål, heile helga. Suverent! 

På tribuna og på lagleiarbenkane var det topp stemning og stort engasjement, noko som gjer det ekstra kjekt også for dei som er i sving ute på bana.

Har du lyst til å sjå fleire bilder frå den supre helga, finn du eige galleri med 385 bilder på Stordalshallen si facebookside

Sjå også vår førehandsreportasje, der du også kan ta eit tilbakeblikk på mange tidlegare futsalarrangement i Stordalshallen.

 

Gratulerer og takk til alle som var med og gjorde dette til slik ei super futsalhelg her i Stordalshallen!

Det blir ny futsalhelg att i Stordalshallen 21. og 22. januar, så det er berre å gle seg!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove