Fotograf: Hallgeir Hove
Skikkelege flotte fellesnummer til slutt fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Maria H Tøsse songsolist på fleire av innslaga fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Hornmusikklag under leiing av Nick Ost fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Vatne Musikklag fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå venstre; Fabio De Meo, Stefan Bocken og Nick Ost, saman med Maria H Tøsse fotograf Hallgeir Hove

Ny suveren konsert!

Stordal Hornmusikklag og Vestnes Musikklag sin store rockekonsert i Stordalshallen sist laurdag, vart på alle måtar suveren. I tillegg til dei dyktige musikantane hjå begge musikklaga fekk vi også denne gongen oppleve gjestande musikantar av ypperste merke!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.04.2013

Den storslåtte konserten gav oss rockemusikk frå ei rad av dei største artistane i verda. Vi fekk oppleve musikken til artistar og band som t.d. Rolling Stones, The Beatles, Deep Purple, Electric Light Orchestra, Leonard Cohen, Adele, Take that, Tina Turner og mange, mange fleire. Fleire av innslaga var bygd opp som medleyar, med suverene overgangar. Ein skulle kanskje tru at det ikkje let seg gjere å gjengi denne type musikk og slike verdshitar ved hjelp av klarinettar, kornettar, tverrfløyter, saksofonar og anna, men det synte Stordal Hornmusikklag og Vestnes Musikklag til fulle var mulig. Publikum fekk dermed verkeleg vere med på ein rocka konsert av ypperste merke. 

Maria Holand Tøsse var både konferaniser og songsolist på konserten, noko ho takla på meisterleg vis. Maria er også særs flink til å få kontakt med publikum og bidrog også slik til at stemninga vart ekstra god.  

Vi har nesten blitt litt utskjemde i høve til at Stordal Hornmusikklag stiller med gjesteartistar i verdensklasse og slik var det også denne gongen. Både Fabio De Meo (saksofon) og Stefan Bocken (klarinett) imponerte stort. Stefan Bocken er eigentleg dirigent for Vestnes Musikklag, men på konserten på laurdag måtte han ta klarinetten fatt,då ein av dei som skulle spele vart forhindra. Dirigenten for Stordal Hornmusikklag, Nick Ost, steppa inn på kort varsel og tok hand om dirigeringa. Men på fellesnummera til slutt fekk også Bocken leie an og då tok Nick Ost like godt plass blant musikantane. Strålande! 

Om det hadde lete bra tidlegare på kvelden, var avslutningsnummera med musikk frå Deep Purple og Queen om mulig endå flottare. Dei to musikklaga hausta trampeklapp og dei fekk ikkje gje seg utan ekstranummer. Totalt sett fekk vi nærare 2 timar fullspekka med musikk og det er ikkje vanskeleg å skjøne at det ligg timesvis med øving for å levere varene på denne måten.

OVERRASKING

På førehand var det varsla at publikum skulle få ei overrasking undervegs, og for ei overrasking det vart! Maria kunne nemleg avsløre for publikum at Bjørg Jacobsen, saman med Adrian Nakken og Jarl Anders Hjelle var på plass i Asker i samband med Landstinget for organisasjonen Ungdom & Fritid for å motta pris. Storfjordgruppa, med Mats Rune Larsen og Adrian Nakken i spissen, hadde nemleg blitt kåra til vinnar av Ungdom & Fritids pris 2013! Kva passa vel betre enn at det var rett før dei to musikklaga skulle framføre Bohemian Rapsody av Queen, at Maria kunne offentleggere det heile og det vanka naturlegvis ståande trampeklapp frå publikum!

Mot slutten nytta Maria høve til å takke alle dei som hadde bidratt i høve konserten og ikkje minst takka ho dei mange som hadde møtt fram. Stordalshallen Lyd og Lys, der Jarle Helgesen tok hand om lyden og Robert Iversen lyssettinga, fekk også velfortent applaus.

Hilde Dyrkorn og Torill Brastad delte, heilt til slutt, ut velfortente blomster til Maria og fruktkorg til dei to dirigentane.

Sjå endå fleire bilder frå den supre konserten i Stordalshallen sitt bildegalleri!

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje. Der finn de også lenker til ein del av dei mange tidlegare konsertopplevingane vi har fått dei siste åra. Det er rett og slett imponernade!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove