Fotograf: Hallgeir Hove
Gjengen samla i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Teori m.a. ved hjelp av storskjermen i grendasalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Kretslaget
Løparane i idylliske omgivelsar på Mosætra, etter rulleski- og motbakkeløpet fotograf Kretslaget

Ny suveren kretslagssamling!

Det har blitt ein fast tradisjon at kretslaget i langrenn køyrer treningssamlingar i Stordal. Sist helg var dei på plass igjen og som vanleg med base i Stordalshallen. Samlinga inneheldt eit rikhaldig og hardt program, der det vart mange økter på rulleski, styrketrening og teori.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.06.2014

Kretslagstrenar, Pål Bjørn Øvrebust, kan melde om ei vellukka og god samling der m.a. dette stod på programmet:

- 3 000 meter på løpebana ved Kirkebø Stadion
- Rulleskitur til Liabygda
- Rulleskitur til Overøye (med innlagt løp og bading på Langsætrane)
- Styrketrening og teori i Stordalshallen (med m.a. videoanalyse)
- Rulleskiløp frå Stordal skule og til Mo, med påfyljande motbakkeløp til Mosætra (sjå bilde)

Alle måltid, samt overnattinga, skjedde også i Stordalshallen. Der var dyktige foreldre frå langrennsgruppa på plass for å legge forholda best mulig til rette for den flotte gjengen med langrennsløparar frå heile kretsen.

Jan Erik Westeraas er også kretslagstrenar, og i lag med Pål var det altså desse to som tok hand om det sportslege også denne helga. No er det ikkje fyrste gongen at han er med på desse samlingane, men uansett peika han på kor flott det ligg til rette for samlingar av dette slaget nettopp her. Han var også imponert over den store aktiviteten både ute på kunstgraset og i den nye skateparken, der det var born og unge i aksjon mest heile helga. 

Vi takkar for nok eit hyggeleg besøk av kretslaget i langrenn og ynskjer dei velkomne attende til hausten, då det på nye også er klart for Stordalshelga i langrenn!  

Om du har lyst til å få vite meir om både tidlegare kretslagssamlingar og Stordalshelga i langrenn, kan våre reportasjar frå tidlegare år vere kjekke å kikke på.

Den 6. utgåva av Stordalshelga i langrenn, vel i hamn

Meir om kretslagssamlinga finn du også på langrennsgruppa si facebookside

Sjå også info på Møre og Romsdal skikrets si side

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove