Fotograf: Hallgeir Hove
Fornøgde skyttarar viser fram dei flotte resultata sine fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Steffen var på plass på konkurransetrampolina, slik dei fekk prøve den og fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Team-track´n kan brukast til så mangt. Her er det Roy-Kasper som utforda ein av musikantane til kappløp fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Det var spanande å prøve ut den 9 meter høge klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
På søndagen vart det tid til marsjtrening og det er ingen problem å utføre også dette i idrettshallen fotograf Hallgeir Hove

Ny velluka øvingshelg for Nørvasund Skolekorps

I skrivande stund er om lag 35 musikantar og eit titals instruktørar og foreldre frå Nørvasund Skolekorps, vel heime i Ålesund, etter ei vellukka øvingshelg i Stordal. No er det ikkje første gongen dette flotte korpset har vitja oss. Faktisk var dette femte år på rad!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.03.2014

Gjestane våre var tidleg opp denne laurdagen, i og med at dei var på plass i Stordalshallen alt kl 09.00. Etter at dei hadde fått innkvartert seg og teke seg ein liten matbit, var det klart for gruppeøvingar. Vaktmeister Einar K Hove var på plass og viste dei rundt, slik det gjekk kjapt å kome i gong med det omfattande programmet for helga. Pausar med innlagt mat, frukt og drikke vart det sjølvsagt og slik gjekk det slag i slag fram til kl 18.00 om kvelden. Då var det tid for aktivitetsopplegg. Her var musikantane inndelt i sju grupper, som roterte frå stasjon til stasjon slik alle fekk tid til å prøve seg på skytebana, i klatreveggen og på konkurransetrampolina. I tillegg var team-track´n sjølvsagt rigga opp og det var sett ut bordtennisbord og minigolf-utstyr. I tillegg kunne dei sjølvsagt også halde på med ballspel. Det var også innlagt ein uhøgtidleg gruppekonkurranse, der presisjonskasting, minigolf og skyteresultata inngjekk. Dette såg ut til å fungere veldig bra, der også foreldra til korpsmusikantane gjorde ein flott innsats for at det heile skulle fungere. 

På skytebana var det Jostein Myrvang (Liabygda Skyttarlag) som tok hand om instruksjonen på utmerka vis, assistert av Jørgen Myrvang. Med så mange unge skyttararar som skal få prøve seg, og det berre med 2 timar til rådigheit, er det imponerande gjort å få dette til så bra. Her skal igjen også musikantane ha mykje skryt fordi dei var så eksemplariske og gjorde som dei fekk beskjed om. I klatreveggen var Helga Øvrebust og Kjell Mulelid på plass frå klatreklubben og på trampolina hadde Steffen Staurset teke turen frå Vestnes, for at deltakarane skulle få prøve seg på konkurransetrampolina. Kjempeflott!

Etter aktivitetsøkta, var det så klart for filmframsyning i grendasalen. Det var Blues Brothers som stod på programmet, noko som ikkje var tilfeldig. Korpset skal nemleg øve inn ein del av filmmusikken til denne.

Fellesmåltida vart servert i grendasalen og etter det vi forstod vart det relativt tidleg kveld på deltakarane, som lag på gymnastikkmatter, tjukkasar og flatsenger inne i idrettshallen.

På søndagen var det også lagt inn ein del marsjtrening og korpset heldt det gåande heilt fram til om lag kl 15.00, før dei sette seg i bussen og la på heimveg. Før det hadde dei rydda og vaska å eksemplarisk vis.


Nørvasund Skolekorps har altså lagt øvingshelga si til nettopp Stordalshallen dei siste fem åra og alt no har dei reservert helg komande haust. Dermed kan vi gle oss til å få vere vertskap for denne supre gjengen att i september. Roy-Kasper Naalsund, ein av leirane/instruktørane, er klar på at det må bli eit opphald heilt frå fredag kveld og til søndag ettermiddag. Skal ein rekke over alt, så treng ein faktisk ei heil helg og det går sjølvsagt også med litt tid til å rigge seg til med alt av musikkinstrument, slagverk og alt anna som trengs å ha med slike helgar.

Vi takkar for eit nytt triveleg besøk frå Nørvasund Skolekorps, ynskjer dei lukke til med komande opptredenar rundt om og gler oss til å ta imot dei på ny, i september!

For fleire bilder frå øvingshelga, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside 

Her kan du ta eit tilbakeblikk på reportasjane våre frå tidlegare besøk:

2010    2011    2012    2013

Truleg er det endå fleire bilder frå tidlegare øvingshelgar, også i bildegalleria ein finn i menyvalet til venstre på nyhendesida vår.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove