Ny vellukka dansekveld

Folkedansgruppene i Stordal og Valldal inviterte til dansekveld sist laurdag og til liks med tidlegare arrangement, i deira regi, var det godt oppmøte og rett så festeleg. Det vert meldt om deltaking frå m.a. både Sykkylven, Tresfjord og Rauma, i tillegg til arrangørane sine.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.02.2015
Fotograf: Randi Flø (Storfjordnytt)
Frå dansekvelden i januar 2014 fotograf Randi Flø (Storfjordnytt)

I tillegg til sjølve dansinga, som naturlegvis er hovudingrediens på desse samankomstane, vart det også denne gongen servert nydeleg mat og på scena underheldt Valldal Spelemannslag.

Alfred Nilsen i Storfjordnytt har laga ein fin reportasje frå dansekvelden denne laurdagen og til og med lagt ut ein liten filmsnutt frå det heile. Ikkje vanskeleg å skjøne at det er kjekt å vere med på slikt!

Ein kveld med både takt og tone (av Alfred Nilsen, torsdag 5. januar 2015)

Det er eit særs aktivt folkedansmiljø i Stordal og Valldal og dei har det rett så kjekt saman, med øvingar i grendasalen kvar einaste onsdag. Vi har tidlegare laga reportasje om dette og kanskje kan også dei vere kjekke å ta eit tilbakeblikk på?

Aktiv folkedansgruppe (9. des 2010)

Populært med folkedans (31. januar 2013)

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove