Fotograf: Hallgeir Hove
Super gjeng samla til fellesfotografering i Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal skyttarlag hadde tre instruktørar på plass på skytebana fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Elevane likte verkeleg å skyte og her viser fem av dei fram resultatet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Volleyballturnering med bra kvalitet på spelet fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Henrik Tveter (t.v) og Olav Grønningsæter (t.h.) saman med dyktige elevinstruktørar fotograf Hallgeir Hove

Ny vellukka ekskursjon!

Spjelkavik videregående skole har hatt ekskursjonar hit i alle år, heilt sidan Stordalshallen stod ferdig i 1997. Denne veka var elevar og lærarar derifrå på plass att for 16. gong! Som vanleg hadde dei også med seg utvekslingsstudentar og lærarar frå Amersfoort i Nederland.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.03.2013

Totalt var det 60 studentar og nærare 10 lærarar med på opplegget, der omlag halvparten var nederlandske.

Opplegget var like innhaldsrikt som det plar vere, der det er full pakke med kjekke og lærerike aktivitetar både på dagtid og om kvelden. Etter at alle saman var vel innkvartert ved Stordalshallen tysdag morgon, drog halve gruppa ("Home and abroad-prosjekt") til Dyrkorn, for å sjå på kraftverket der. Resten sette kursen mot Arena Overøye, til ein eventyrleg dag der. Etter opphaldet på Dyrkorn gjekk turen vidare til Tafjord og Valldal, der det m.a. var lagt opp til omvisning ved Juvet Landskapshotell.

Utpå ettermiddagen kom gruppene attende til Stordalshallen og på vanleg vis var oppgåvene fordelte slik at ein gjeng sette kjapt i gong med å tilberede middagen. Tradisjonen tru var det kylling frå COOP i Stordal som stod på menyen og alle dei som har smaka den, forstår nok godt kvifor dette er blitt ein tradisjon.

Etter middagen starta dei mange ulike aktivitetane opp, der m.a. Stordal skyttarlag stilte opp med instruktørar. Det var mange som hadde lyst til å få prøve fleire rundar med salonggeværet og liten tvil i at dette var ein aktivitet som gav meirsmak! I idrettshallen var det m.a. basketball, volleyball og ei rad artige leikaktivitetar i regi av Henrik Tveter. Bordtennis vart det også tid til og innimellom samla enkelte seg i sofakroken for å spele ukulele. Desse aktivitetane varte frå kl 1900 og fram til kl 2300. Då smaka det nok ekstra godt med kveldsmaten i grendasalen.

Sjølv om klokka hadde bikka 2400, var det ikkje slutt for dagen. No stod fotballturneringa for tur!

Veret den første dagen hadde vore strålande og når heile gruppa drog til fjells på dag 2, viste det seg at godveret held fram. Ved Arena Overøye fekk elevar og lærarar boltre seg i timesvis og både snøbrett og slalomski vart testa ut. Dei norske elevane var flinke til å rettleie gjestane sine både på tysdag og onsdag og framgongen var merkbar.

Det er alltid like stor stas å få besøk av gjengen frå Spjelkavik videregående skole og ingen av våre gjestar er så godt kjend her i Stordal og i Stordalshallen som dei to karane som også denne gongen hadde hovudansvaret, nemleg Henrik Tveter og Olav Grønningsæter. Sistnemnte har vore med på samtlege av dei 16 ekskursjonane hit til oss!

Vi takkar for eit nytt suverent besøk og konkluderer med at både Spjelkavik vgs og 't Atrium i Amersfoort framleis har like supre elevar som tidlegare!

Sjå endå fleire bilder frå ekskursjonen i eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Sjå også reportasje på Spjelkavik videregående skole si nettside.

Nettsida til 't Atrium i Amersfoort her. 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove