Fotograf: Hallgeir Hove
Nærare 100 kampar vart avvikla på stadion. Her er det Ørskog som møter Norddal/Eidsdal/Geiranger fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Barnas cupfredag starta med flott karnevalstog frå sentrum og til stadion fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
I Stordalshallen var det m.a. flotte innslag frå scena fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stort loppemarked i grendasalen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Cupkomiteen, med Bjørg Jacobsen i spissen, hadde all grunn til å smile! fotograf Hallgeir Hove

Ny, vellukka folkefest!

Den 36. utgåva av Stordalscup er vel i hamn og sjølv om meterologane trua med nedbør heile helga, var det for det meste sol og finever når dei nærare 100 kampane vart avvikla på laurdag og søndag og slik var det også på Barnas cupfredag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.07.2016

Det er all grunn til å hevde at også årets utgåve av Stordalscup vart ein suksess. Tilbakemeldingane frå laga som deltek og besøkjande elles, er udelt positive.

Sjølv om det denne gongen var noko færre lag enn dei siste åra, er det klart at det også med over 60 lag i aksjon, blir stor aktivitet ute på kunstgraset og eit yrande liv også inne i Stordalshallen. Det same også på tivoliet, i aktivitetsområdet, ved grillteltet og rundt om på dei mange utstillingane/standane både utanfor Stordalshallen og elles i stadionområdet. 

I Stordalshallen var det flott kafe med dei deiligste kaker. Truleg er det få, eller ingen som kan vise til maken. I tillegg var det flott underhaldning frå scena, det var klatring i veggen begge dagane og sjølvsagt stort loppemarked i grendasalen. Langsmed alle veggane var det utstillingar/standar og i tillegg møbelauksjon, der ein kunne gjere røvarkjøp. Med tilbygget på plass er også toalett- og garderobekapasiteten utvida (4 garderobar og 15 toalett totalt), noko som bidrog til at det til ei kvar tid var ledige toalett.

Det skjer så mykje i løpet av ei slik helg at ein lett kunne skrive side opp og side ned. Blant mykje flott, trekkjer vi i tillegg fram det suverene grillteltet, der ein truleg får kjøpt den beste grill-laksen som er å oppdrive!

Det som var beklageleg denne gongen, var at det skulle vise seg å bli umulig å gjennomføre utedansen ved stadion. Stordalscup vart starta opp for snart 40 år sidan og i løpet av alle desse åra, har cupdansen/utedansen hatt sin naturlege plass. Det var leit at det ikkje skulle late seg gjere å kunne tilby denne kjekke og sosiale delen av arrangementet denne gongen. Ein får tru at dette vil ordne seg til neste år. Men cupdans vart det sjølvsagt også denne gongen, takke vere det gode samarbeidet med Nilsgardstunet.

Eit nytt aktivitetstilbod på grusbana i år, var "Human foosball". Der kunne ein faktisk vere med på eit levande fotballspel, bygd opp slik som dei gode gamle fotballspela på bordet, men berre i mykje større format og der ein sjølv gjekk inn som spelar. I tillegg bydde cupen på dei vanlege aktivitetane som; skuddlaser, skatepark, minigolf, shoot out - telt og klatring. Suksessen frå i fjor, der brannvesenet var på plass med brannbilen sin - slik at borna fekk prøve seg som brannkonstablar - vart også gjentatt. Men kanskje gjorde plasseringa av denne til at ikkje alle fekk med seg dette kjekke tilbodet?

Dugnadsinnsatsen som vert lagt ned i samband med eit slikt arrangement er naturlegvis enorm og når ein no også kan sjå attende på den 36. utgåva av Stordalscup, med tilfredsheit, er det på sin plass å rette ei stor takk til alle dei som har vore med og bidratt. Ei ekstra stor takk, sjølvsagt til cupkomiteen med leiar Bjørg Jacobsen i spissen.

Sist, men ikkje minst, rettar vi ei stor takk til dei tusenvis som vitja oss denne helga og håper og trur at vi sjåast også til neste år!  

For meir om Stordalscup, m.a. alt av resultat, viser vi til Stordalscup si heimeside

Sjå også vår førehandsreportasje, der ein også kan ta tilbakeblikk på mange tidlegare arrangement og bildegalleri

Sjå også bildegalleri frå Barnas cupfredag, på Barnas kommune si facebook-side

Ca 170 bilder frå cup-laurdagen, finn du som eige galleri på Stordalscup si facebook-side

Sjå også eiga helsing frå leiaren i cupkomiteen i etterkant av det flotte arrangementet 

Helge Skuseth i Sunnmørsposten, har også laga fin reportasje!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove