Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi gjengen samla i idrettshallen, i samband med samlinga i mai 2014 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Møre og Romsdal Skikrets
Pål Bjørn Øvrebust er hovudtrenar for kretslaget i langrenn fotograf Møre og Romsdal Skikrets
Fotograf: Møre og Romsdal Skikrets
Jan Erik Westeraas er også kretslagstrenar i langrenn fotograf Møre og Romsdal Skikrets

Ny vellukka kretslagssamling i hamn

Sist helg var det dei beste langrennsløparane i fylket vårt, som inntok Stordalshallen. Dei 23 løparane hadde base på Stordalshallen medan nærområdet vart nytta til å gjennomføre dei mange og gode øktene både på barmark og på rulleski.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.06.2015

Det er eit rett så tettpakka program ei slik helg og til liks med tidlegare, vart det også denne gongen avslutning med knallhardt testløp på søndagen. Det startar med rulleski frå Stordalshallen og fram til Mo, før ein så skal springe den bratte stigninga opp til Mosætra.

Kretslaget til Møre og Romsdal Skikrets består av 24 løparar, der Stordal IL har med to. Dette er Martine Lorgen Øvrebust og Petter Elias Vestre Røkke. Det er stordalingen Pål Bjørn Øvrebust som har ansvaret for kretslaget også denne sesongen og framleis i lag med Jan Erik Westeraas.

For å få eit inntrykk av kor flott det kan vere å delta på samlingar i Stordalshallen, kan du ta eit tilbakeblikk på både dei årvisse samlingane til langrennsgruppa i Stordal, du kan sjå meir om flotte samlingar i regi av Stordal Alpin og mykje anna.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove