Fotograf: Møre og Romsdal Skikrets
Kretslagstrenar, Pål Bjørn Øvrebust, har ikkje vanskar med å slå fast at Stordalshallen er ein glimrande base for samlingane fotograf Møre og Romsdal Skikrets
Fotograf: Møre og Romsdal Skikrets
Jan Erik Westeraas er også trenar for kretslaget i langrenn fotograf Møre og Romsdal Skikrets
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Interessa for langrenn er stor i Møre og Romsdal og i samband med dei populære samlingane kvar haust er deltakinga særs god fotograf Pål Bjørn Øvrebust

Ny vellukka kretslagssamling!

Denne helga har 22 av Møre og Romsdal skikrets sine kretsløparar i langrenn gjennomført samling i Stordal. Som vanleg hadde dei base i Stordalshallen og kretslagstrenar, Pål Bjørn Øvrebust, kan igjen konstatere at akkurat det fungerer glimrande.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.06.2013

Det er naturleg nok eit tettpakka fysisk program også når kretsen sin beste langrennsløparar er samla og alt på fredag kveld var det klart for 3 000 meter testløp. Etter tilbakemeldingane å dømme, var resultata særs oppløftande.

I løpet av helga vart det sjølvsagt mange økter på rulleski, både i Stordal sentrum til Liabygda og til Overøye.

På laurdag hadde dei to økter på rulleski og duathlon med rulleski til Mo og motbakkeløp på Mosætra etterpå. Det vart sett ny rekord på Mosætra for både gutar og jenter med 14.10 på Anders Bugge og 17. 54 på Martine Lorgen Øvrebust. (prøv å slå den, den som vil!) Den relativt omfattande treningsdagen på laurdag, vart avslutte med ei styrkeøkt.

Innimellom dei mange fysiske øktene vart det brukt mykje tid på å analysere filmopptak av utøvarane i aksjon på rulleski. Litt tid til rein avslapping, med mellom anna film på storskjermen i grendasalen vart det også tid til.

Ei bra gruppe med foreldre frå langrennsgruppa i Stordal IL, sytte for at utøvarane hadde det dei trengte av mat og drikke i løpet av helga. 

Rett nok er kretslaget sin trenar, Pål Bjørn Øvrebust, noko inhabil når det kjem til spørsmålet om kva han synest om det å nytte nettopp Stordalshallen som base for desse samlingane, men uansett siterer vi han på at det fungerer glimrande. No er det forsåvidt fleire som har hevda det same, så då er det vel noko i dette då..

Eit tilbakeblikk på tidlegare samlingar for kretsen sine langrennsløparar og alpinistar, kan truleg bygge opp under dette:

Reportasje frå langrennsløparane si samling hausten 2012

Reportasje frå alpinistane si samling hausten 2012 

Reportasje frå kretslagssamlinga i mai 2011

Fleire reportasjar frå flotte kretssamlingar!

Dessverre har vi ikkje bilde av den spreke gjengen som var med på samlinga denne gongen, men det byr seg kanskje fleire høve, seinare? 

Kretslaget i langrenn har eiga facebookside

Meir om kretslaget i langrenn på Møre og Romsdal skikrets si nettside

Vi tek gjerne også med ei lenke om Martine, som til fulle har vist at det let seg gjere å nå til topps også for langrennsløparar frå vårt fylke!

Vi nyttar høve til å takke for at kretslaget i langrenn ynskjer å nytte Stordalshallen til sine samlingar og ynskjer velkomen attende!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove