Kretslagssamling i langrenn, juni
Etter at motbakkeløpet til Mosætra er over, passar det godt med gruppebilde der oppe
Kretslagssamling i langrenn, juni
Klar for ei ny rulleskiøkt
Kretslagssamling i langrenn, juni
Ikkje råd å klage på slike verforhold når ein skal gå på rulleski
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi gjengen som var med på kretslagssamlinga i mai 2014 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her ser vi dei fleste av dei 70 som var med på Stordalshelga i langrenn, hausten 2015 fotograf Hallgeir Hove

Ny, vellukka kretslagssamling!

Møre og Romsdal Skikrets sine fremste langrennsløparar har gjennomført nok ei vellukka samling her i Stordal og som vanleg var det Stordalshallen som var base. Når også vergudane verkeleg spela på lag, vart det naturlegvis ekstra flott.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.06.2016

Samlinga i Stordalshallen er den første av totalt åtte. Kretslaget har heile 27 løparar i alderen 17 - 20 år, der det er 10 jenter og 17 gutar.  

I løpet av den vellukka samlinga i Stordal stod m.a. dette på programmet: Ulike testar i form av 3000 m, rulleskiløp og motbakkeløpet; «Mosætra opp». I tillegg to økter på rulleski med fokus på teknikk og hurtigheit.

Høyr hovudtrenar for kretslaget, Pål Bjørn Øvrebust her: God morgon Møre og Romsdal, på NRK Møre og Romsdal (radio)

Sjå også eigen reportasje i dagens utgåve av Sunnmørsposten.

Overnattinga, måltida og det sosiale elles ved Stordalshallen fungerer også perfekt, seier Øvrebust.

No er dette ikkje den einaste samlinga for langrennsløparar her. Sjå gjerne dei mange reportasjane frå dei flotte samlingane i regi av langrennsgruppa her, kvar haust.

Her er reportasjen frå kretslagssamlinga i mai i fjor

Her er reportasje på Møre og Romsdal Skikrets si nettside

Vi nyttar høve til å takke for at kretslaget år etter år vel å nytte nettopp Stordalshallen, når slike samlingar skal gjennomførast! Vi ynskjer utøvarar og trenarar lykke til med førebuingane vidare!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove