Fotograf: Hallgeir Hove
Her er ser ein skjermen sin klare tale og dermed også kven som var veldig nær å vinne gåvekortet denne gongen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Privat
Kristin Vikenes kan gle seg over å motta gåvekort på kr 500,- frå LEFDAL ELEKTROMARKED fotograf Privat

Ny vinnar av gåvekort trekt ut!

Vi held fram med å trekkje ut vinnarar av gåvekort frå Lefdal Elektromarked, etterkvart som talet på personar som likar vår facebookside aukar. I går passerte vi 600 og dermed trekte vi på ny. Denne gongen blant dei 602 som har funne ut at det er kjekt å halde seg oppdatert på alt det flotte som skjer, også vha vår facebookside. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.10.2014

For at det ikkje skulle vere tvil om at trekkinga gjekk rett føre seg, stilte leiaren for Stordal frivilligsentral, Bjørg Jacobsen, opp med sitt unike program på excel. Når vi så sjekka dette opp mot dei mange som likar sida vår, kom vi fram til ein ny vinnar, nemleg Kristin Vikenes.

Om du ikkje var like heldig som Kristin, denne gongen, er det berre å sjå fram til neste milepel og ny trekking. I tillegg er det forhåpentlegvis også kjekt, i seg sjølv, å fylje sida vår også då.   

Gåvekortet har ein verdi på kr 500,- og er altså levert av LEFDAL ELEKTROMARKED.

vår populære facebookside, som altså er bakgrunnen for trekkinga, byr vi på dei ferskaste oppdateringane på mykje av alt det positive som skjer ved Stordalshallen. I tillegg kan du få med deg ei rad bildegalleri, oversikt over våre nærare 100 samarbeidspartnarar, og mykje meir.

Vi har tidlegare trekt ut gåvekort for kvar gong vi har passert nye 100 fyljarar. (første gåvekortet, då vi passerte 200) I våre tidlegare reportasjar, kan du lese meir om andre heldige vinnararar.

Stor takk til alle som fyl oss på facebook! Neste gong er det kanskje din tur til å motta gåvekort?

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove