Nye 60.000 på plass og dermed berre innspurten att!

Rett før jul kunne vi røpe at det berre mangla kr 2.700 før ein passerte kr 400.000 innsamla kroner til tilbygget ved Stordalshallen. 11 dagar etter dette, og då berre få timar før vi gjekk inn i det nye året, kom så ei ny oversikt frå Stordal IL. Ytterlegare kr 60.000 var kome på plass og det berre i løpet av nokre få dagar i jula!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.01.2014
Stordal IL, logo
Stordal IL, logo

Det er med andre ord ganske så eineståande det som skjer her, når lokalsamfunnet no på ny viser kva ein kan få til ved å lyfte i flokk!  

Næringslivet stiller opp også denne gongen og t.d. Indre Sunnmøre Gjensidige sitt bidrag på lille juleaftan, bidrog sjølvsagt i stor grad til dette kraftige "bykset". Når det no manglar kun kr 40.000 før ein er i mål, må ein vel med rette kunne hevde at ein nærmar seg innspurten. Fantastisk!

Les meir om aksjonen i tidlegare reportasjar!

Sjå den siste oppdaterte oversikta som pdf nedst på sida.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove