Nye reklameskilt henta og klare til montering!

I neste veke (veke 44) vil det bli utført ein del arbeid i idrettshallen. Ikkje minst skal endå fleire reklameskilt få sin plass på veggane. I tillegg vil vi få sertifisert skilleveggane, samt skifta lysrør/tennarar i enkelte av lysarmaturane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.10.2013
Fotograf: Hallgeir Hove
Desse nye reklameskilta kjem til å ta seg flott ut på veggane i Stordalshallen! fotograf Hallgeir Hove

Det er Ramirent som stiller med lift og Geir Innselset hjå Busengdal Transport AS syter for å få denne trygt fram og attende.

Arbeidet skal sjølvsagt vere utført i god tid før Stordalshallen atter ein gong er arena for KM i futsal, frå 1. t.o.m 3. november.

Dei første som får ta dei nyaste reklameskilta i åsyn, er dei mange som skal vere med på Stordalstrøkk, samt Stordal Skulekorps sin jubileumsfest komande helg!

Det er naturlegvis særs kjekt å kunne konstatere at all den ledige reklameplassen i Stordalshallen er oppfyllt, slik den har vore heilt sidan sommaren 2009! Vår gode samarbeidspartnar Nordvesttrykk syter for den ypperste kvalitet på skilta og står alltid til teneste når vi treng nye skilt. 

Er det nokon som klarer tippe kor mange reklameskilt som befinn seg i Stordalshallen i dag tru? Når vi då også tel med dei som står klare til å bli hengt opp og inklusive Stordalshallen sitte eige skilt. (rett nok skal nokre av reklameskilta ned, for å få plass til alle dei nye men kor mange er det der akkurat i dag?)

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove